Ein dag for historiebøkene – 105 bilete og tre videointervju frå Stortinget
Det finst arbeidsdagar ein gløymer fort, og så finst det dagar som blir med vidare resten av livet. 1. september 2026 vart ein slik dag. Langsveien.no var eitt av få medium som fekk vere med på innsida av Stortinget under den høgtidelege edsavlegginga. Resultatet vart 105 bilete, tre videointervju – og ei minnebok frå ein dag eg aldri kjem til å gløyme.
Dagen starta allereie klokka 07.45 på Løvebakken. Flaggene var enno ikkje komne opp, gatene var rolege og den store dagen låg framfor oss.
Inne på Stortinget var alt nøye planlagt og tilrettelagt av pressesjef Syverud og medarbeidarane hans. For oss journalistar og fotografar vart det også ein del venting – noko vi etter kvart har fått god trening i. Stemninga var likevel god frå morgon til ettermiddag, medan forventningane steig.
Så kom augeblikket vi hadde venta på.
Klokka 13.00 kom kongefamilien inn i stortingssalen.
Det vart stille. Høgtideleg. Eit slikt augeblikk der ein både prøver å gjere jobben sin og samtidig forstår at ein står midt inne i noko som kjem til å bli skrive om i historiebøkene.
Etter edsavlegginga og talen frå stortingspresidenten vart seremonien avslutta med at eit fullsett storting reiste seg og song Kongesongen.
Å stå der inne med kameraet denne dagen var meir enn berre eit journalistisk oppdrag. For meg vart det eit minne for livet.
Etterpå gjekk turen til Vandrehallen, der det vart gjort tre videointervju. Då arbeidet inne på Stortinget var ferdig og vi igjen kom ut på Løvebakken, venta endå eit sterkt syn.
På Slottsplassen låg blomsterhavet, og menneske hadde samla seg for å markere den historiske dagen. Også desse augeblikka fekk plass på minnebrikka.
Her kan du sjå 105 bilete og tre videointervju frå 1. september 2026 – sett gjennom kameraet til Langsveien.no.
Dette er ikkje berre ei fotoserie.
Det er mi vesle minnebok frå ein historisk dag.
God fornøyelse.
Roy Myrland
Redaktør, journalist og fotograf
Langsveien.no








