Fram Reinlag har hatt flokken sin på beite sør for Bygdin, mellom Tyin og Bitihorn, gjennom sommaren og tidleg haust. Denne helga startar andelseigarar og gjetarar arbeidet med å samle dyra frå ytterkantane av beiteområdet og føre dei inn mot Olø, innerst i Beito, der sorterings- og slakteanlegget ligg.
Takk til annonsørane ValdresBil AS, Montér Kvismo, JVB og Visit Gjende og Besseggen som gjer det mogleg for Langsveien.no å vere til stades, møte folk og lage saker frå Valdres og Jotunheimen.
Til hjelp nyttar gjeterane moderne droneteknologi for å finne enkeltdyr og småflokkar som har trekt seg unna.
– Vi sparer mykje gåing, og samlinga blir både meir skånsam og meir effektiv, fortel leiar i Fram Reinlag, Øystein Opdal.
Planen er å starte slaktinga måndag eller tysdag. Frå onsdag 9. september reknar laget med at folk kan kjøpe både hjarte og heile reinskrottar direkte frå slakteplassen.
Jon Anders Opdal (biletet over) er ein av gjeterane som følgjer flokken. Når reinen skal inn i det store kveet i åssida ved Olø, får gjeterane hjelp av helikopter. Det same gjeld når mindre flokkar skal skiljast ut og førast vidare inn i silen for sortering til livdyr og slakt.
– Men i fjellet kan vi ikkje alltid gå etter klokka eller stole på vêret. Førebels ser det likevel ikkje så verst ut, seier Jon Anders Opdal.
Kjøtet blir selt under merkevara Rein frå Jotunheimen, eit samarbeid mellom tamreinlaga i Jotunheimen.
Dei komande vekene skal også dei andre tamreinlaga samle, skilje og slakte. For turfolk i Jotunheimen kan det bety heilt spesielle naturopplevingar når store reinsflokkar kjem bølgjande over vidder og gjennom skar.
<div style=»
max-width:700px;
margin:25px auto;
padding:25px 18px;
background:#f5f5f5;
border:2px solid #b30000;
border-radius:12px;
text-align:center;
box-sizing:border-box;
«>
<h2 style=»font-size:26px; margin:0 0 12px;»>
🔎 Søk i Langsveien.no sitt arkiv
</h2>
<p style=»font-size:17px; line-height:1.5;»>
Leter du etter en person, et sted, en hendelse
eller en gammel artikkel?
Skriv inn et søkeord og finn historiene!
</p>
<form action=»https://www.langsveien.no/»
method=»get»
style=»display:flex; flex-wrap:wrap;
gap:10px; justify-content:center;»>
<input
type=»search»
name=»s»
placeholder=»Skriv navn, sted eller søkeord …»
aria-label=»Søk i arkivet»
required
style=»
flex:1 1 230px;
min-width:0;
padding:14px;
font-size:17px;
border:1px solid #aaa;
border-radius:6px;
box-sizing:border-box;
»
>
<button type=»submit»
style=»
padding:14px 24px;
background:#b30000;
color:#ffffff;
font-size:17px;
font-weight:bold;
border:0;
border-radius:6px;
cursor:pointer;
«>
🔎 SØK
</button>
</form>
<p style=»font-size:13px; color:#555; margin-top:15px;»>
Søk blant publiserte artikler og historier
fra Langsveien.no.
</p>
</div>
🔎 Søk i Langsveien.no sitt arkiv
Leter du etter en person, et sted, en hendelse
eller en gammel artikkel?
Skriv inn et søkeord og finn historiene!
Søk blant publiserte artikler og historier
fra Langsveien.no.

