Dei har 4000 reinsdyr gjenom silen på Flye. -Artikkel og stor fotoserie.

Dei har 4000 reinsdyr gjenom silen på Flye. -Artikkel og stor fotoserie.

Høstens store høgdepunkt på Valdresflye.

For små og store fjellfolk i Ottadalen og Valdres er reinsdyrsankinga og sortering eit av dei store høgdepunkta om hausten. Både i Lom-, Fram, Vågå og Filefjell tamreinlag har dei solid lokal forankring og utnyttar dei lokale reursane i fjellet på ein forbilledleg måte. Når fleire tusen dyr skal drivast over Valdresflye og inn i anlegget til Vågå Tamrein, trengst både folk, hund, drone – og helikopter.

Eit par dagar vart helikopter brukt for å samle flokken inn frå aust i fjellet til  ved foten av Rasletind. Derifrå og inn mot anlegget på austsida av fylkesveg 51 var det aksjeeigarar og frivillige, under leiing av overgjeter Jørn Slettom, som tok over arbeidet. Drona til den erfarne reinsgjetaren Sjur Slettom vart også eit viktig hjelpemiddel. Frå lufta kunne flokken styrast i rett retning, men då dei rundt 4000 dyra verkeleg kom i siget mot innhegninga, var det gjetarhunden Solo som viste kven som var øvste «sjef» bak reinsflokken.

Å «sile» reinsdyr

Det å «sile» reinsdyr høyrest kanskje litt merkeleg ut, men på Valdresflye er sila sjølve bingen der dyra blir sorterte. Sila er om lag ti meter i diameter og har fleire utgangar. Der blir dyra sende vidare etter mellom anna kjønn, alder og vekt. Dette er arbeid som krev både god dyrekunnskap, raske vurderingar og ein god del krefter når mange dyr skal handterast på kort tid. Ekstra triveleg er det å sjå kor mange unge jenter og gutar som er med i arbeidet. Side om side med erfarne reingjetarar og anna fjellfolk lærer dei handverket, tek ansvar og er med på å føre ein viktig fjelltradisjon vidare.

Pål Arne Snerle fortel meir om sila på Flye og korleis arbeidet går føre seg i dette intervjuet frå 2010 (!).

https://studio.youtube.com/video/N5i8c6KITDA/edit

1100 dyr skal sorterast ut til slakt

Ein pust i bakken etter at Bjørn Ekerbakke frå Bessheim har vore og servert varm lunch. Frå venstre: Jens Edvin Bakke, Ole M. Østeng, Bjørnar Garden, Ola Lusæter og Pål Grev under arbeidet ved anlegget til Vågå Tamrein på Valdresflye.

Leiinga i Vågå Tamrein fortel til nettavisa Langsveien.no at om lag 1100 dyr skal sorterast ut til slakt denne hausten. Når dyra er slakta, blir kjøtet kontrollert og merkt av Mattilsynet med ein gong før skrottane blir hengde til kjøling og vidare handtering. Alt reinskjøtet frå denne produksjonen blir selt under merkevara «Rein frå Jotunheimen». Det betyr at kundane som kjem til Valdresflye for å kjøpe reinskjøt, får kjøt som er kontrollert av Mattilsynet og kan bearbeidas av lokale slakterar andre steder i landet.

Folk kjem langvegsfrå

Høstslaktinga på Valdresflye har også blitt ein møteplass for folk som ønskjer å kjøpe reinskjøt direkte. Mange kjem langvegsfrå for å sikre seg kortreiste hele skrottar. Ragnhild Snerle Stubrud har ei sentral rolle i salet. Ved slakteplassen blir det også selt mellom anna tunge, hjarte og andre delar frå dyra. Etter slaktinga blir skrottane kontrollert av Mattilsynet før dei blir hengde inn på kjølebilen. For å få best mogleg kjøtkvalitet bør kjøtet også få tid til mørning. Eit kjent mål er 40 døgngrader. Det vil til dømes seie ti døgn ved fire grader. Biletet over: «Butikksjef» Ragnhild Snerle Stubrud saman med styreleiar Bjørn Benrud i Vågå Tamrein og Louise Bakke framfor kjølebilen. Her blir skrottane hengde etter slakting og kontroll frå Mattilsynet, før kjøtet blir selt under merkevara «Rein frå Jotunheimen».

220 eigarar

Dei har det triveleg i fjellet. Frå venstre: Anders Svare, Øystein Stubrud og Svein Vole under haustens reinsdyrsanking og slakting på Valdresflye.

Vågå Tamrein har om lag 220 eigarar, og laget har totalt 1026 delar. For å kunne eige delar i tamreinlaget må eigaren vere busett og skatte til Vågå kommune. Dette er med på å halde både eigarskap, tradisjonar og verdiskaping lokalt forankra.

Fellesskap, tradisjon og fjellkunnskap

Men reinsdyrsankinga på Valdresflye handlar om langt meir enn kjøtet som til slutt blir selt som «Rein frå Jotunheimen». Her møtest generasjonar, frivillige, gjetarar og eigarar til hektiske haustdagar der både erfaring, samarbeid og raske avgjerder tel. Når fleire tusen rein kjem som ei levande bølgje over Flye og inn mot sila, er det eit syn både små og store kan gle seg til eit heilt år. Og etter at dyra er sorterte og slakta, sørgjer kontrollen frå Mattilsynet for at kjøtet som går vidare til kundane er kontrollert før det blir selt under namnet «Rein frå Jotunheimen».

I denne fotoreportasjen frå Langsvegen.no får du bli med tett på eit av dei store høgdepunkta om hausten for fjellfolket i Vågå og Valdres.

Takk til bedriftene som annonserer på Langsveien.no og bidreg til at vi kan vere ute der folk møtest, ting skjer og historiene blir til.

Ta gjerne ein kikk innom heimesidene og Facebook-sidene deira – der finn du meir om kva dei tilbyr, aktuelle nyheiter og kontaktinformasjon:

Klikk deg inn, bli betre kjent med bedriftene og bruk gjerne dei som støttar lokal journalistikk.

Takk for at de er med og gjer det mogleg for Langsveien.no å fortelje små og store historier frå Valdres og områda rundt.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

three × four =