Mari-Ann Greiner Green og Øivind Linge Utvik (biletet over) budde på Fagerstrand på Nesodden og var eigentleg på jakt etter eit småbruk i nærleiken. Der ønskte dei å skape eit liv med større nærleik til naturen for seg sjølve og dei åtte år gamle tvillingdøtrene. Men då den same eigedomsmeklaren også hadde Hindsæter Fjellhotell i Sjodalen til sals, tok planane ei uventa vending.
Denne artikkelen er laga med støtte frå lokale og regionale verksemder som bidreg til at Langsvegen.no kan fortelje historiene om folk, næringsliv, tradisjonar og opplevingar i fjellbygdene. Takk til:Brun Bygg, Visit Gjende, Rein frå Jotunheimen og Valdresbil-bobil
Resultatet vart at ekteparet fekk nøklane til det tradisjonsrike fjellhotellet 1. desember 2025. Familien bytte dermed fjordlivet på Nesodden med fjell, skog og elvesus i Sjodalen.
Begge sa opp dei tidlegare jobbane sine for å satse fullt og heilt på Hindsæter. Mari-Ann jobba med IT og Øivind som helikoptermekanikar. Tvillingjentene går no på skule i Vågå, medan foreldra bruker dagane på å bli kjende med hotelldrifta, gjestene og alle moglegheitene som finst i området.
Lærer av dei som kjenner staden
Fleire av dei som tidlegare arbeidde på Hindsæter, har halde fram i jobb ved hotellet. Det har vore verdifullt for dei nye eigarane, som har møtt den første tida med lærelyst og respekt for kunnskapen og tradisjonane som allereie finst på staden.
Samtidig har både Mari-Ann og Øivind med seg eigne erfaringar, idear og tankar om korleis drifta kan utviklast vidare. Dei utfyller kvarandre godt og har funne sine naturlege arbeidsområde.
Medan den eine held oversikt over mellom anna bestillingar, e-post og administrative oppgåver, trivst den andre særleg godt i vertsrolla og med å leggje til rette for at gjestene skal få eit godt opphald.
– Vi har eit felles prosjekt og arbeider veldig godt saman. Samtidig er vi gode på forskjellige ting, fortel Øivind i hotellresepsjonen, der gjester sjekkar ut etter eit positivt opphald i Sjodalen.
To tydelege sesongar
Vintersesongen på Hindsæter startar i februar og varer til etter påske. Då kjem mange av gjestene frå utlandet for å oppleve norsk vinter, snø og fjellnatur på nært hald.
Etter ein pause opnar hotellet igjen for sommarsesongen. Han varer til godt ut i oktober og byr på alt frå rolege nærturar til lange dagar på sykkel eller til fots i fjellet.
For mange av vintergjestene er det ikkje nødvendigvis dei lengste og mest krevjande turane som lokkar mest. Like viktig er moglegheita til å gå ein roleg tur i nærområdet, kjenne på stilla og oppleve mørket i vinternatta.
– Fleire av gjestene set umåteleg stor pris på ein nærtur rundt Hindsæter og det å oppleve stilla og mørket i den norske fjellheimen, fortel vertskapet.
Frå hotellet kan gjestene mellom anna bli med på hundekøyring og guida turar. Ridderspranget er òg eit populært turmål, ikkje minst når vinteren har pynta det dramatiske juvet med snø og is.
Frå nærturar til 2000-meterstoppar
Besseggen og fleire av dei kjende 2000-meterstoppane i Jotunheimen ligg ikkje langt unna Hindsæter. Gjestene treng likevel ikkje reise langt for å finne gode naturopplevingar.
Rundt hotellet finst det eit omfattande nettverk av merkte ruter for både fotturar og sykling. Vertskapet sender gjerne gjestene ut på dei mindre kjende stiane, der det er mogleg å oppleve fjellet utan trengsel og store folkemengder.
Sjoa renn like ved hotellet, og det går stadig rykte om stor aure som bit villig når han får høve i elvestryka. Øivind håpar sjølv å få betre tid til å prøve fiskelykka når rutinane ved hotellet har sett seg.
Den første tida har naturleg nok vore travel. Eit fjellhotell krev sitt, og det er mykje som skal lærast og haldast orden på gjennom ein lang arbeidsdag.
Lokal mat gjennom røykhus, stabbur og bakstehus

Den nære tilknytinga til naturen skal òg merkast på maten som blir servert. På Hindsæter finst det eit eige kaldrøykingshus, og mykje av maten som hamnar på tallerkenane til gjestene, har vore innom røykhuset på vegen.
Stabburet og det gamle bakstehuset er òg viktige delar av arbeidet med å lage lokal og kortreist mat. Her blir gamle metodar og tradisjonar førte vidare, samtidig som det nye vertskapet ønskjer å setje sitt eige preg på måltida.
Øivind kjøper mellom anna inn heile reinsdyrskrottar frå det lokale tamreinlaget på Valdresflye. På den måten kan kjøtet foredlast på Hindsæter, samtidig som vertskapet får brukt mest mogleg av dei lokale råvarene.
For Mari-Ann Greiner Green og Øivind Linge Utvik handlar livet på Hindsæter derfor om langt meir enn å drive eit hotell. Det handlar om å ta vare på ein tradisjonsrik stad, skape eit felles familieprosjekt og leve gode liv i fjellheimen.
Og for dei som saknar tvillingjentene og Mari-Ann på bileta: Dei hadde rett og slett andre planar denne dagen og var på fotballcup då bladfyken stakk innom Hindsæter.


