Både folk og dyr i fjellet byrjar å gå i «hi» etter sommarsesongen.
Artikkelen held fram under.
Ein stor takk til Stavedalen Park , Valdresskigard og Wangensten Rakfisk for at dei støttar journalistikken i Langsveien.no!
Ta gjerne ein kikk på nettsidene deira og sjå kva dei har å by på.
Artikkelen held fram under
-Fjellstuer og hotell stengjer dørene for gjestene, og båtane som har frakta titusenvis av fjellfolk gjennom sommaren, blir lagde på land ved Gjende og Bygdin. Men medan roa senkar seg over fjellheimen, blir det alt anna enn stille på Bessheim i Sjodalen. Her skal Kari Lund og Bjørn Ekerbakke halde full gass heilt fram til opninga i februar. -No skal både hammer og sag i sving, og lokale snikkarar frå Vågå og Sjodalen får nok å henge fingrane i framover, seier Bjørn Ekerbakke (biletet over).
Utsikt austover Sjodalsvatnet frå Bessheim Fjellstue.
Bjørn Ekerbakke fortel vidare at inngangspartiet skal flyttast til høgre for dagens inngang. Her skal det også leggjast nytt golv og lagast ein sitjeplass der gjestene kan nyte det storslåtte panoramaet mot Øvre Sjodalsvatnet og dei mektige fjella som omkransar vatnet.
Bak spisebordet blir den nye inngangen.
I fyste etasje blir det dessutan etablert nye toalett i stova vis-à-vis resepsjonen. Og apropos resepsjonen – den skal også flyttast, til lokala der kontoret ligg i dag.
Det blir med andre ord lite tid til å liggje på armen eller i «hi» på Bessheim denne vinteren. Her skal det stort sett gå i eitt heilt fram til dørene opnar att for gjestene i februar, avsluttar Kari Lund praten.









