Fjellet byrjar så smått å gå i hi etter sommarsesongen. Fjellstuer og hotell stengjer dørene for gjestene, og båtane som har frakta titusenvis av fjellfolk gjennom sommaren, blir lagde på land ved Gjende og Bygdin. Men medan roa senkar seg over fjellheimen, blir det alt anna enn stille på Bessheim i Sjodalen. Her skal Kari Lund og Bjørn Ekerbakke halde full gass med hammer og sag heilt fram til opninga i februar. -No skal både hammer og sag i sving, og lokale snikkarar frå Vågå og Sjodalen får nok å henge fingrane i framovel Bjørn Ekerbakke (biletet over). Bjørn Ekerbakke fortel at inngangspartiet skal flyttast til høgre for dagens inngang. Her skal det også leggjast nytt golv og lagast ein sitjeplass der gjestene kan nyte det storslåtte panoramaet mot Øvre Sjodalsvatnet og dei mektige fjella som omkransar vatnet. I første etasje blir det dessutan etablert nye toalett i stova vis-à-vis resepsjonen. Og apropos resepsjonen – den skal også flyttast, til lokala der kontoret ligg i dag. Det blir med andre ord lite tid til å liggje i hi på Bessheim denne vinteren. Her skal det stort sett gå i eitt heilt fram til dørene opnar att for gjestene i februar.

Fjellet byrjar så smått å gå i hi etter sommarsesongen. Fjellstuer og hotell stengjer dørene for gjestene, og båtane som har frakta titusenvis av fjellfolk gjennom sommaren, blir lagde på land ved Gjende og Bygdin. Men medan roa senkar seg over fjellheimen, blir det alt anna enn stille på Bessheim i Sjodalen. Her skal Kari Lund og Bjørn Ekerbakke halde full gass med hammer og sag heilt fram til opninga i februar. -No skal både hammer og sag i sving, og lokale snikkarar frå Vågå og Sjodalen får nok å henge fingrane i framovel Bjørn Ekerbakke (biletet over).

Bjørn Ekerbakke fortel at inngangspartiet skal flyttast til høgre for dagens inngang. Her skal det også leggjast nytt golv og lagast ein sitjeplass der gjestene kan nyte det storslåtte panoramaet mot Øvre Sjodalsvatnet og dei mektige fjella som omkransar vatnet.

I første etasje blir det dessutan etablert nye toalett i stova vis-à-vis resepsjonen. Og apropos resepsjonen – den skal også flyttast, til lokala der kontoret ligg i dag.

Det blir med andre ord lite tid til å liggje i hi på Bessheim denne vinteren. Her skal det stort sett gå i eitt heilt fram til dørene opnar att for gjestene i februar.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Image Info

  • Dimensions:2 560 × 1 441
  • Date:19. september 2026
  • Camera:Galaxy S25 Ultra
  • Aperture:f⁄1
  • Focal Length:6 mm
  • ISO:80
  • Shutter Speed:1⁄7 061,4 sec
  • Type:JPG
  • Name:20260919_123241-scaled.jpg
  • Mime Type:image/jpeg
  • Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    eleven − two =