Stortingsrepresentant Anne Lise Fredlund (SV) var rask til å reagere då Kjell Magne Kvale ved Kvismo Sag i Vang tok kontakt på vegner av næringsdrivande som fryktar konsekvensane av den tidlege nattestenginga av Lærdalstunnelen.
Biletet over: For mange i Valdres er stortingsrepresentant Anne Lise Gjerstad Fredlund (SV) ein viktig stemme og kontakt inn mot Stortinget.
Artikkelen held fram etter brevet.

Ein stor takk til Rørleggermester Svein Olsen & Sønner AS, VYRK AS, Valdres Bakst AS og Montér Storefoss for viktig annonsestøtte til Langsveien.no. Støtta er med på å gjere det mogleg å vere tett på folk, næringsliv og hendingar i Valdres.
-Anne Lise Fredlund representerer Oppland på Stortinget og har gjennom perioden halde nær kontakt med både folk og næringsliv i Valdres. Då bekymringa rundt nattestenginga av Lærdalstunnelen kom frå Vang, gjekk det ikkje lang tid før saka vart teken vidare.
– Vi er uroa for kva dette kan bety
Kjell Magne Kvale ved Kvismo Sag tok kontakt med Fredlund på vegner av fleire næringsdrivande.
– Kva er det de er mest uroa for?
– Det er først og fremst stengetida fredag kveld. Når tunnelen stengjer klokka 18.00, blir det svært vanskeleg for folk som kjem frå Bergen og Vestlandet etter jobb å rekke fram. Mange av dei skal vidare til Filefjell, Valdres og Hemsedal, seier Kvale.
Han peikar på at helgetrafikken betyr mykje for bedrifter i fjellområda.
– Det handlar ikkje berre om éi bedrift. Det handlar om overnatting, butikkar, servering, hytter og mange arbeidsplassar. Får vi færre gjester, vil det merkast.
To timar kan gjere stor forskjell
– Kva ønskjer de konkret å få endra?
– Vi ber ikkje om mindre arbeidstid i tunnelen. Forslaget er å sjå på om stenginga fredag kan forskyvast rundt to timar. Då kan ein eventuelt opne tilsvarande seinare morgonen etter, slik at arbeidsvindauget blir det same, forklarer Kvale.
For næringslivet kan dei to timane vere viktige. Mange som sluttar på jobb i Bergen eller andre stader på Vestlandet vil elles ha små sjansar til å nå tunnelen før klokka 18.00.
– Vi har all respekt for at tunnelen skal utbetrast, og at nattestenging er nødvendig. Det er klokkeslettet vi håpar det kan vere mogleg å sjå på, seier Kvale.
Svaret kom raskt
– Kva skjedde då du tok kontakt med Anne Lise Fredlund?
– Ho svarte raskt og tok saka vidare. Det er akkurat det vi treng når vi tek opp noko som kan få store konsekvensar lokalt, seier Kvale.
Fredlund henta inn meir informasjon og sende problemstillinga vidare til samferdselsministeren med spørsmål om det kan vere mogleg å justere stengetida fredag kveld.
Kvale meiner responsen viser verdien av stortingsrepresentantar som held kontakt med det som skjer lokalt.
– Vi treng fleire som henne. Ho lyttar når folk tek kontakt, og så gjer ho noko med det, seier han.
No ventar næringslivet i Vang på svaret.
– Vi håpar rett og slett at nokon ser at ei lita justering av klokkeslettet kan bety veldig mykje for bedrifter og arbeidsplassar i fjellet. For oss handlar dette om å finne ei løysing som fungerer både for arbeidet i tunnelen og for dei som lever av trafikken over fjellet, avsluttar Kjell Magne Kvale.

