Speleglede, dans og stinn brakke på Solhaug
Det var både belgdrag, danseglede og god stemning då drøyt 200 unge og litt eldre valdrisar, saman med eit par hyttefolk, samla seg til fest på Solhaug samfunnshus i Øystre Slidre laurdag 10. oktober. Med Kælvemellin og Valdres Toraderlag (sjå og høyr Valdres Toraderlag i videoen frå sankthansaften 2025 nedst i artikkelen) på scena vart det ein kveld der både musikken og danseføtene fekk utfalde seg.
Tid til prat og triveleg lag innimellom all dansinga.
Denne gongen takkar vi spesielt VYRK, Grobakken Landmek og Fjellvang Transport for støtta! Lokale annonsørar gjer lokal journalistikk mogleg – tusen takk!
Festen var eit samarbeid mellom Solhaug samfunnshus og Øystre Slidre spel- og dansarlag, med Jørn Hilme-stemnet som ein del av arrangementet.

Unge musikarar imponerte
Det lokale bandet Kælvemellin stod for oppvarminga, og det gjorde dei med glans! Dei leverte speleglede og musikalsk samspel av beste merke! Frå venstre: Magnus Melbye, Nelly Hegge Hippe, Torstein Furulund, Ole Mathias Haugen, Sigurd Strand og Solveig Onstad.
Dei imponerte med framifrå samspel og ei musikalsk forståing som vitna om både talent og mykje øving. Dei lytta til kvarandre, spelte kvarandre gode og formidla ei speleglede som verkeleg kunne kjennast i salen.
Her var det ikkje berre snakk om å treffe dei rette tonane. Det handla om å skape musikk saman, og det meistra dei unge musikarane på imponerande vis.
Superkjendisar i Valdfres med belg og rytme

Superkjendisar med belg, bass og trommestikker! Då Valdres Toraderlag, med Tom Kjetil Tørstad som kapellmeister, inntok scena på Solhaug, var det berre å få danseføtene i gir! Desse karane er reine «superkjendisar» i Valdres, og dei veit å få sving på både belger og publikum. Med toradarspelarar som drog til så det nesten vart trekk i salen, ein bassist som heldt takta stødigare enn grunnfjellet i Jotunheimen, og ein trommis som såg ut til å ha fått utdelt både ekstra armar og eit eige rytmegen, vart det full fart på dansegolvet! Her var det speleglede frå første belgdrag til siste trommeslag! Sjå og høyr sjølv i videoen nedst i artikkelen!

Danseopplæring før festen
Før festen var det lagt til rette for både kræsjkurs i gamaldans og opplæring i toradarspel. Anne Heidi Kvam Hillestad og Birgit Haukås stod for danseopplæringa, medan Tom Kjetil Tørstad og Vegard Thon bidrog med musikalsk rettleiing. For nokre var dette kanskje dei første stega inn i gamaldansen, medan andre hadde dansetrinna godt innarbeidde frå før.
Med toradaren på plass bidrog Tom Kjetil Tørstad til «crash-kurset) i toraderspill for både uerfarne og de som hadde spilt litt på Solhaug. Her saman med, frå venstre, Trine Grønlien, Renate Remme Øverseth og Susanne Engelmann.
Ein fest for fleire generasjonar

Med drøyt 200 festdeltakarar, frå unge vaksne til godt vaksne valdrisar, og eit par hyttefolk som også hadde funne vegen til Solhaug, vart dette ein sosial møteplass på tvers av generasjonane.
Kollbjørns pub heldt ope, praten gjekk livleg, og dansemusikken sørgde for at det var nok å røre seg til.
Det er noko eige med slike bygdefestar. Her treng ein verken blinkande diskolys eller musikk frå andre sida av jordkloden for å skape stemning. Nokre gode belgspelarar, ein stødig rytmeseksjon og folk som trivst i lag, kan vere meir enn nok.
Og skulle ein trakke litt feil i dansen, er det heldigvis lov å skulde på golvet!

