Det var ikkje berre frisk fjelluft som fekk hjarta til å slå litt ekstra på Beitostølen i helga. Med quiz, fjellturar, pizza, leik og sosialt samvær vart Fjellflørt ein møteplass som verkeleg slo an. No håpar arrangørane at dette berre er starten på noko mykje større.
Takk til Visit Gjende, Bernt Jo Vole, Brun Bygg, KIWI Farriseidet, Dag Arild Bakken, Montér Storefoss og Montér Beitostølen for verdifull annonsestøtte!
Det er ikkje alltid så lett å finne verken kjærleiken eller nye vener. Særleg ikkje dersom ein sit heime i sofaen og ventar på at nokon skal ringje på døra.
Den utfordringa bestemte U39 Valdres seg for å gjere noko med. Resultatet vart Fjellflørt på Beitostølen 16.–18. oktober, der unge vaksne fekk høve til å møtast under uhøgtidelege og trivelege forhold.
Og oppslutninga? Ho vart langt betre enn venta!

Overraska over gutane
Ingrid Røn og Idunn Skjerdingstad (biletet over) var to av dei som hadde god grunn til å smile då Langsvegen.no møtte dei under arrangementet.
– Ja, absolutt! Det har møtt opp overraskande mange menneske – og overraskande mange gutar, noko vi er utruleg fornøgde med, fortel Idunn.
På fredagens bli-kjend-quiz stilte nesten 40 deltakarar.
– Eg hadde kanskje venta mellom 15 og 20, så dette gjekk langt over forventningane, seier ho.
Laurdag trekte fjellturane nærmare 30 deltakarar ut i frisk luft. Nokre valde ein kortare tur på Beitostølen, medan andre la i veg på ein lengre tur i fjellterrenget.
Og skulle nokon kjenne litt ekstra hjartebank i motbakkane, var det ikkje nødvendigvis berre kondisjonen som hadde skulda.
Eit lite dytt kan vere nok
Bak arrangementet ligg ein tanke som er både enkel og viktig: Folk treng møteplassar.
– Fleire seier at dei treng eit lite dytt for å kome seg ut. Dei set pris på at vi har laga eit opplegg der dei berre kan møte fram og bli med, fortel Idunn.
Nokre melde seg til og med på kvelden før.
– Eg har også snakka med fleire som berre ville kome på pizzakvelden. Dei seier at dette er noko Valdres treng. Vi må ha arenaer der folk kan møtast og bli kjende.
Meir enn berre flørt
For U39 Valdres handlar ikkje dette berre om å spleise single.
U39 er eit initiativ og ein sosial møteplass for unge vaksne under 40 år som ønskjer å byggje nettverk, få nye vener og bli betre kjende med folk i Valdres. Ingrid Røn, som arbeider i Valdres Næringshage på Fagernes, er ein av initiativtakarane.
Målet er å skape aktivitet, fellesskap og tilhøyrsle i dalføret – noko som også kan gjere det meir attraktivt å både bu og bli buande her.

Fjellflørt vart arrangert i samarbeid med Lodge 900, Beito Resort og SPEL på Beitostølen.
– Vi ønskjer ikkje at dette berre skal handle om Beitostølen. Håpet er at det skal gi ringverknader i heile Valdres, seier Idunn.
Her kan nettavisa Langsvegen.no skyte inn ei lita historie frå gamle dagar: Då det aller første Rjupesleppet vart arrangert, var ikkje deltakarane fleire enn at heile gjengen fekk plass i bobilen som den gongen fungerte som rullande redaksjonslokale for Langsvegen.no. Der vart dei frakta inn til Bygdin, med både godt humør og truleg nokre sommarfuglar i magen.

Sidan har Rjupesleppet vakse seg stort. Så kven veit? Kanskje Fjellflørt ein dag blir så populært at det må både bussar og ekstra overnattingsplassar til for å få plass til alle som vil vere med!
Simen fann fjellglede og godt fellesskap
Ein av dei som sette stor pris på opplegget, var Simen Ødegård frå Bjørgo.
Han har budd i Valdres i seks år, er utdanna byggingeniør ved NTNU på Gjøvik og arbeider som prosjektingeniør i Norsk Massivtre AS i Begnadalen.

På fritida spelar han fotball for Bagn IL, men fjellet, naturen og friluftslivet står også høgt på lista over det han trivst aller best med – ved sida av tida saman med barna.
Og Fjellflørt fall verkeleg i smak.
– Det har vore eit flott opplegg med fjelltur, pizza og sosiale aktivitetar. Stemninga har vore roleg og avslappa, og alle har bidrege til å gjere dette til ei inkluderande og triveleg samling, fortel Simen.
Han trekkjer særleg fram kor lett det var å kome i kontakt med nye menneske.
– Det har vore både moro og triveleg. Gutane og jentene har hatt ein god tone, og det har vore lett å bli kjent med folk.
Aktivitetane hos SPEL og samlinga på Lodge 900 får også god omtale frå den friluftsinteresserte valdrisen.
Kan vere starten på noko større
Om det vart full romantisk klaff for Simen eller nokon av dei andre deltakarane, skal Langsveien.no vere varsam med å spekulere i.
Men éin ting verkar sikkert: Arrangørane har treft eit behov.
Når folk kjem frå ulike stader, senkar skuldrene og finn tonen over ein quiz, på ein fjelltur eller rundt eit pizzabord, kan mykje godt skje.
Kanskje blir det kjærleik. Kanskje blir det vennskap for livet. Eller kanskje får nokon rett og slett eit større nettverk og ein god grunn til å kome seg ut neste helg også.
Og det er slett ikkje verst, det heller!
Fjellflørt kan med andre ord vise seg å bli mykje meir enn ei enkelt helg på Beitostølen. Dette kan vere starten på eit sosialt tilbod som heile Valdres får glede av.
Så får vi sjå om neste Fjellflørt lokkar endå fleire ut av sofaen – og kanskje også nokre som endeleg finn den rette.


Igjen ein stor takk til Visit Gjende, Bernt Jo Vole, Brun Bygg, KIWI Farriseidet, Dag Arild Bakken, Montér Storefoss og Montér Beitostølen for verdifull annonsestøtte!
Med dykkar hjelp kan nettavisa Langsveien.no halde fram med å løfte fram folk, gode møteplassar, næringsliv og små og store hendingar langs vegen. De er med på å halde både hjula, kameraet og skrivegleda i gang!

