Roy Myrland

Ridderrennet får ny arena Sundag 30. mars startar årets Ridderuke på Beitostølen, og kulminerer med det tradisjonsrike Ridderrennet laurdag 5. april. Arrangementet samlar kvart år deltakarar med funksjonsnedsetjingar frå heile verda til ei veke fylt med idrettsglede, meistring og fellesskap. Biletet over: Desse karane, som står ved statuen av legendariske Steinar Hovi, kan du høyre i podkasten siste nytt og planar for årets Ridderuke og Ridderrenn. Frå venstre: redaktør for Langs Vegen No, Roy Myrland, styreleiar Tom Bratlie og generalsekretær Martin Feiring Sletten i Foreningen Ridderrennet. I år blir det ei lita, men viktig endring: Ridderrennet vert flytta frå dei flate myrene ved Beitostølen Helsesportsenter, som vanlegvis er arena for løpet. Trass i stor innsats for å halde løypenettet opent og i god stand, har snøsmelting og vårvêr gjort det umogleg å arrangere rennet der som planlagt. Løysinga er heldigvis nær: Beitostølen skistadion – berre nokre hundre meter unna – opnar sitt løypenett for Ridderrennet. Stadionsjef Kjell B. Melbybråten, i samarbeid med Viljar Aasan frå Helsesportsenteret – ein av landets fremste ekspertar på sportsutstyr for funksjonshemma – samt andre gode hjelperar, har tilrettelagt to løyper på 1,5 og 2 kilometer. Desse er spesielt utforma med doserte svingar og godt snøunderlag, slik at både ståande og sittande utøvarar trygt kan delta. I desse løypene har også "Team Pølsa", med Øystein Pettersen i spissen, trena og førebudd seg til VM – noko som gjev ei ekstra stasleg ramme rundt årets Ridderrenn. Generalsekretær for Ridderrennet, Martin Feiring Sletten, seier til langsvegen.no at flyttinga har gått heilt smertefritt, takka vere ein erfaren og dedikert frivilligstab. – Dette er 61. gongen Ridderrennet vert arrangert, og med så mykje erfaring i organisasjonen, har årets utfordringar blitt løyste på imponerande vis. Vi er sikre på at årets renn blir ei positiv og minneverdig oppleving for alle som deltek, seier Sletten – og legg til: – Det er jo litt stas å få konkurrere i dei same løypene som både Johaug, Klæbo og verdseliten – og no også Team Pølsa – har brukt. No er alt klart for ei ny veke fylt med meistring, idrettsglede og gode opplevingar i Valdres – Ridderuka 2025 er i gang!

No er alt klart for ei ny veke fylt med meistring, idrettsglede og gode opplevingar i Valdres. (Podkast her eller lenger ned) Det brakar laust på Beitostølen igjen! Sundag 30. mars går startskotet for Ridderuka 2025, og som vanleg blir det ei veke fylt med smil, snø og sterke prestasjonar frå deltakarar med funksjonsnedsetjingar frå heile verda. Heile moroa kulminerer med sjølvaste Ridderrennet laurdag 5. april, som i år blir

byggmeister Larvik, snekkartenester Larvik, tømrar Stavern, Espen Staer, Byggmeister Staer AS, snekkar med erfaring, nybygg Larvik, restaurering hus, fagfolk våtrom, byggjetenester Vestfold

I denne episoden av «Langs vegen no» møter du byggmeister Espen Staer – ein erfaren handverkar med røter frå Hønefoss på Ringerike, som no driv Byggmeister Staer AS i Larvik. Med over 20 år i byggebransjen tilbyr han alt innan snekkar- og tømrararbeid i Larvik, Stavern og omegn. Espen starta tidleg i faget og har brei erfaring innan alt frå nybygg, tilbygg og restaurering til tak, kledning og spesialoppdrag. I

Det blir solrik uteplass, moderne interiør og familievennlig meny

-100 sitjeplassar, ny innreining, nytt kjøkken med utstyr, ny meny og stor og solrik uteplass i den nye kafeen som åpnar på ALTI Valdres 1. april. Artikkelen er skreven med støtte frå: Vigas- Valdres Industrigulv AS Rein Frå Jotunheimen og Hovrud Maskin  Biletet over: Snikkar Ole Velta frå Rogne (til venstre) sørgjer for at teikningane blir følgde til punkt og prikke når sitteplassar og innreiing skal monterast. Bård Slette (til høgre) sørgjer for

byggmeister Larvik, snekkartenester Larvik, tømrar Stavern, Espen Staer, Byggmeister Staer AS, snekkar med erfaring, nybygg Larvik, restaurering hus, fagfolk våtrom, byggjetenester Vestfold

I dennedenne episoden av «Langs Vegen no» møter vi ei handlekraftig eldsjel for Valdres: Steinar Lyseng, dagleg leiar i Vyrk AS. Med eit brennande engasjement for næringsutvikling og lokalsamfunnet, er han ikkje redd for å seie si meining – sjølv når det gjeld regjeringa si politikk. Lyseng deler si visjon for Vyrk og regionen, der samarbeid og investeringar i ny teknologi står sentralt. Han trekkjer òg fram familien – Irene,

Meter på meter med vaflar. -Siv Lexberg og Judith Anita Klopbakken har steikt dei. I ALTI Valdres på Leira har det siden nyttår vore ein pop-up kafé i 1. etasje. Dette kjem av at kafeen i 2. etasje blir bygd om og totalrenovert. Siv Lexberg og Judith Anita Klopbakken står for serveringa og byr på ferske rundstykke og sprø, nysteikte vaflar til kundane. Mange set pris på det nylaga som serveras og det romslege lokalet, der dei kan slå av ein prat i fred og ro medan dei nyt maten. – Det har gått med fleire hundre liter vaffelrøre sidan nyttår, fortel Siv til Lagsvegen.no . Med litt enkel hovudrekning, basert på at dei solide vaffelplatene er minst ein centimeter tjukke, betyr det at vaffelstabelen ville ha vore om lag fire meter høg – altså takhøgt med vaflar! Den nye kafeen opnar 1. april , og denne gongen med ein ny drivar: Erling Theodorson frå Aurdal . Med lang erfaring innenfor mat og servering gler han seg til å skape en koseleg møteplass for både lokalbefolkninga og besøkande både ute og inne i 2. etg. på storsenteret. #AltiLeira, #Vaflar, #Kafé, #PopUpKafé, #Lagsveien, #Nysmurt, #Lokalmat, #Kaffikos, #GodStemning, #Valdres #Langsvegen

Meter på meter med vaflar. -Siv Lexberg og Judith Anita Klopbakken i «Mormors kafé» har steikt dei. Annonsørar: Kjell Ove Halvorsen Valdres Bakst As og Hovrud Auto I ALTI Valdres på Leira har det siden nyttår vore ein pop-up kafé i 1. etasje, med det klingande namnet «Mormors kafé». Dette kjem av at kafeen i 2. etasje blir bygd om og totalrenovert. Siv Lexberg og Judith Anita Klopbakken står for

Samane og bygdefolket i fjellbygdene – eit fellesskap gjennom tidene.

To hundre år med reindrift og samisk påverknad i Valdres og Jotunheimen. Eg ber om forståing for at det tar tid og at det kostar å skrive artiklar. Ynskjer du å lese denne, treng du eit abonnement til 1 kr dagen. Av Roy Myrland, Langsvegen.no Det var smekkfullt i museet på Fagernes då forfattar Kjell Bitustøyl frå Bø/Rauland i Telemark tok oss med på ei historisk reise gjennom historia til

byggmeister Larvik, snekkartenester Larvik, tømrar Stavern, Espen Staer, Byggmeister Staer AS, snekkar med erfaring, nybygg Larvik, restaurering hus, fagfolk våtrom, byggjetenester Vestfold

I Sjodalen i Jotunheimen, langs den gamle ferdselsvegen mellom Vågå og Valdres, ligg Bessheim Fjellstue – ein stad med djupe røter i norsk turisthistorie og eit heilt unikt reisemål for den som set pris på god mat laga av lokale råvarer. Her driv Kari Lund og Bjørn Ekerbakke fjellstua saman, og i denne episoden av Langs vegen no får vi eit innblikk i kvardagen som turistvert og kokk i fjellheimen.

Ny episode av Team Pølsa på NRK 14. mars! (Sjå her) VM i Trondheim nærmar seg med stormskritt, og vinteren er for alvor i gang! Midt i oppkøyringa til verdas mest prestisjefylte langrennsarrangement er Team Pølsa tilbake med ein ny og etterlengta episode på NRK den 13. mars. Nettavisa Langsvegen.no var der da delar av denne episoden du absolutt ikkje vil gå glipp av blei spelt inn! På biletet ser du Skiforbundet sin teknisk delegerte (TD) Torbjørn Brox Pettersen i forgrunnen, saman med heile Team Pølsa på Beitostølen Skistadion. Syver Blindheim, Peder Danielsen, Sunniva Spangelo, Mikkel Munthe, Pia Hasund Vareberg, Trygve Kroken-Braate og Kjersti Owren Linnes. Foto: Roy Myrland/Langsvegen.no. Drama og humor på Beitostølen Generalprøven på Beitostølen i november 2024 gjekk skikkeleg skeis for Team Pølsa, men det betydde ikkje at stemninga var dårleg! Øystein Pettersen, den joviale og inkluderande frontfiguren, samla laget sitt til sesongopninga for langrenn- og kombinertfolket. Trass i utfordringane var optimismen og humøret på topp, og alle deltakarane fekk heiarop og gode ord frå Team Pølsa i pressesona. Klæbo og Pettersen - to rause stjerner Når det gjeld rausheit og inkluderingsvilje, er det få som kan måle seg med Øystein Pettersen. Men han er ikkje aleine! Johannes Høsflot Klæbo viser gong på gong at han tek seg tid til fansen, anten kameraa rullar eller ikkje. Det er denne typen menneske som gjer skisporten endå meir inspirerande for nye generasjonar. TD Torbjørn Brox Pettersen lot seg imponere Sjølv om kulda beit hardt på Beitostølen Skistadion, var innsatsen upåklageleg. Skiforbundet sin teknisk delegerte (TD) Torbjørn Brox Pettersen var storleg imponert over ungdommane som gav alt. Team Pølsa måtte riktignok hente inn krisehjelp, men det stoppa dei ikkje frå å gjere sitt beste - og viktigast av alt - ha det gøy! Sjå heile episode fem her! Vil du få med deg korleis Team Pølsa takla utfordringane på Beitostølen? Den femte episoden er tilgjengeleg frå kl. 06.00 den 14. februar. Dette vil du ikkje gå glipp av! Sjå det inspirerande intervjuet som Roy Myrland frå nettavisa Langsvegen.no gjorde med Øystein Pettersen og Johannes Høsflot Klæbo under sesongopninga nedanfor, og gled deg til meir action med Team Pølsa på NRK! Søkeord: Team Pølsa, NRK, langrenn, kombinert, Øystein Pettersen, Johannes Høsflot Klæbo, VM i Trondheim 2025, Beitostølen, langrennssesongen 2024/2025, norsk skisport, skiforbundet, sesongåpning langrenn, Beitostølen Skistadion, norske skiløpere, skiidrett, norsk vinteridrett, Team Pølsa NRK episode.

Ny episode av Team Pølsa på NRK 14. mars! (Sjå her) VM i Trondheim nærmar seg med stormskritt, og vinteren er for alvor i gang! Midt i oppkøyringa til verdas mest prestisjefylte langrennsarrangement er Team Pølsa tilbake med ein ny og etterlengta episode på NRK den 13. mars. Nettavisa Langsvegen.no var der da delar av denne episoden du absolutt ikkje vil gå glipp av blei spelt inn! På biletet ser

Valdres Skimaraton 2025 –nå med målgang på Beitostølen Lørdag 22. mars 2025 arrangeres Valdres Skimaraton for fjerde gang, men i år blir det en vesentlige endringer. Starten går fra Aurdalsåsen, og for første gang blir målgang på Beitostølen. Dessuten blir det solide pengepremier til de tre første i herre og dameklassen. Asgeir Larsen i Sporten Beitostølen og Håkon Bergene i Eiksenteret på Fagernes har begge bidratt med 10 000,- kr. til premiering! Løypearbeid og forhold Godt preparerte løyper er avgjørende for et vellykket skirenn. Bildet over fra venstre: Johnny Grymyr ved Sporten Beitostølen er klar for å ta imot deltakerne i målområdet, mens snøekspert Kjell B. Melbybråten lover at det blir gode forhold i mars. - Vi vet at skifolket i Valdres stiller opp, og vi skal gjøre vårt for at dette blir den beste utgaven hittil, sier Melbybråten. Rune Lyhus tar over ansvaret for løypene fra der Jan Ove Bredesen i Yddin og Javnlie løypelag avslutter fra sør, og sørger derifra for at sporene holder høyeste standard hele veien til mål foran Sporten Beitostølen. Sør for der igjen er det Steffen Røine som har ansvaret i domenet til Melladn Turløyper, Videre sørover er det Oddvin Bakken i Leirin Skiløyper og Ole Ronny Østgård i Aurdal Kruk Løypelag som lager løype fra strten på Aurdalsåsen. Oddvin Bakkene og hans medhjelpere i Skrautvål IL, Leirin Skiløyper og Aurdal og Kruk Løypelag har brukt mye tid på å planlegge endringen. En viktig grunn til trasebyttet er også målområdet – Beitostølen har bedre fasiliteter enn tidligere målgang på Danebu.–Vi håper deltakerne setter pris på endringen. Traseen er fantastisk, og det blir en folkefest i målområdet, sier Bakkene. Mer info og påmelding: Valdres Skimaraton Ny trase – men like spektakulær opplevelse Valdres Skimaraton overtok stafettpinnen etter Valdresmarsjen for noen år siden, og rennet har siden etablert seg som en favoritt blant langløpere. I 2025 vil løperne få en ny opplevelse, der løypa strekker seg fra Aurdalsåsen til Beitostølen via noen av Valdres’ vakreste fjellområder og med en mye snillere avslutning. Distanser for alle Valdres Skimaraton tilbyr tre distanser: Ultramaraton (65 km) – Start fra Aurdalsåsen. Maraton (45 km) – Start fra Yddin. Halvmaraton (25 km) – Kortere, men like naturskjønn. Uansett ambisjonsnivå er det en distanse som passer, enten du satser på langløp eller ønsker en fantastisk skitur i Valdres’ beste spor. Inngår i langløpscup Valdres Skimaraton blir en del av "Skiplukkern Langløpscup Innlandet", sammen med Budorrennet, Stenfjellrunden og Trysil Skimaraton. Cupen har premiering etter sammenlagtprinsippet og trekker langløpere fra hele landet. Tilbakeblikk på tidligere renn Nettavisa Langsveien.no dekket Valdres Skimaraton 2022 med fyldig reportasje, bilder og videoer. Her kan du se hvordan forholdene var: Se reportasjen: Langsveien.no – Valdres Skimaraton 2022 Med ny trase, spektakulær natur og målgang midt i skimekkaet for Sporten Beitostølen, ligger alt til rette for en fantastisk skifest i Valdres. Sikre deg plass nå! Valdres Skimaraton – påmelding #ValdresSkimaraton #Langrenn #Langløp #OddvinBakkene #Beitostølen #Aurdalsåsen #Skisport #Langløpscup

Valdres Skimaraton 2025 –nå med målgang på Beitostølen Lørdag 22. mars 2025 arrangeres Valdres Skimaraton for fjerde gang, men i år blir det en vesentlige endringer. Starten går fra Aurdalsåsen, og for første gang blir målgang på Beitostølen. Dessuten blir det solide pengepremier til de tre første i herre og kvinneklassen som kommer i mål. Det er Asgeir Larsen i Sporten Beitostølen og Håkon Bergene i Eiksenteret på Fagernes som