Podcast

Podkast: -Historia om mannen som satte bygda først og aldri glømde flokken sin.

  Bjørn Ola Aukrust frå Lom – tidlegare varaordførar, skuleforkjempar og no den ettertrakta Lomslosen. -Ei varm, humoristisk og engasjerande podkastsamtale på Langs Vegen No.   Bjørn Ola Aukrust er arbeiderpartimannen og varaordføraren som vart rikskjendis med kjepphest og pisk, satte bygda først, og som aldri glømde flokken sin. Men historia om Bjørn Ola startar lenge før både kjepphestar, partipiskar og cruiseturistar. Han vaks opp i Lom med fjella som

Podkast: Marit Reitan -Eg unnar folk å finne vegen til seg sjøl.

Kva skjer når vi sluttar å leite etter svar utanfor oss sjølve? Takk til Joker Ryfoss, Meny Stavern og Joker Ryfoss for bidrag og annonsestøtte til Langsveien.no. I denne episoden av Langs Vegen No møter du Marit Reitan AGAPE instituttet, i ein varm og nær samtale om intuisjon, førstetanken og vegen heim til seg sjølv. Ho er rekna av mange som ei av dei fremste rettleiarane i landet innan intuitiv innsikt, men for henne handlar alt

Podkast: Ein Bjørn på vandring – fridom på fire hjul

Han lever sitt beste liv, i ein pickup som er som ein sveitsisk lommekniv med motor.   Annonsørar: Montér Kvismo, Valdresbil A/S og Hovli Auto A/S. Bjørn Egge frå Høre i Vang i Valdres har funne sin eigen måte å leve godt på. Med Oslo som fast adresse og ein Nissan Navara som heim på hjul, tilbringer han rundt 200 døgn i året ute i naturen – året rundt. Snø,

6 av dei 40 podkastane på "Langs Vegen No" i 2025.  -Menneske som set spor i landskap, lokalsamfunn og kvardagsliv.

Del 1 av podkastkavalkadene for 2025 på Spotify og «Langs Vegen No», er nære og ærlege samtalar med menneske som lever, arbeider og skaper langs vegen – frå fjell og friluftsliv til næringsliv, kultur og bygder. Podkastvert Roy Myrland møter folk med sterke historier, tydelege meiningar og djup forankring i lokalsamfunna dei kjem frå. Her får du stemmer frå Beitostølen, Jotunheimen og dalføre rundt, forteljingar om ansvar, engasjement og kvardagsliv

Podkast: Hanna Gjeilo Skjåkødegård om skulekampen i Lom

Det er ikkje kvar dag ein møter menneske som både har doktorgrad, dugnadsånd og kampvilje nok til å flytte fjell – eller i det minste redde ein vidaregåande skule. I denne podkasten møter du Hanna Gjeilo Skjåkødegård frå Skjåk i Gudbrandsdalen, kvinna som stod i første rekke då kampen for vidaregåande opplæring i Lom verkeleg tok til. Stor takk til Brun Bygg As Gjendebåten og Visitgjende – Besseggen for spons til artikkel og podkast.

Magne Østby. –Ein gründer som aldri har vore interessert i snarvegar.

VOM hundemat frå Trøgstad har funne https://www.langsveien.no/2025/12/19/magne-ostby-ein-grunder-som-aldri-har-vore-interessert-i-snarvegar/vegen ut i verda – heilt utan snarvegar. Det luktar verken eksotisk superfood, avanserte laboratorium eller internasjonale konsern i lokala til Vom og Hundemat i Trøgstad. Her luktar det rett og slett kjøt. Norsk kjøt. Og det er akkurat slik Magne Østby vil ha det. Takk til Vaset Skiheiser Radisson Blu Mountain Resort, Beitostølen og Sporten Beitostølen for anonnse.  – Vatn og andre «ingredienser» tilset vi ikkje. Vatn

Podkast med Svein Olav Agnalt. -Lokalsamfunn, politikk og næringsliv.

Dagens podkastgjest er leiar av Lokalsamfunnforeningen, Svein Olav Agnalt (Ap), er uredd, målretta og kjend for å seie ting som dei er. Han er ei av dei mest respekterte og tydelege stemmene mot tvungen sentralisering i Noreg, og ein sterk forkjempar for kommune-Noreg og levande lokalsamfunn. Takk til SPAR Beitostølen Vom og Hundemat og Meny Stavern for stønad til artikkel og podkast. I denne episoden av Langs Vegen No-podkasten blir vi betre kjende med

Erik Østli –“Leppa frå Bøler" på Beitostølen Skistadion.

-Han har gjort ein enorm jobb for å vidareutvikle Beitostølen og Valdres! Dagens podkastgjest er ein mann som i fleire tiår har gjort ein uvurderleg innsats for at både unge og eldre skal få oppleve skiglede, meistring og fellesskap. Podkast og video er laga med støtte frå: Sporten Beitostølen, Valdres Skigard, Vaset Skiheiser og TRIO Elektro Fagernes. Som eldsjel, samfunnsbyggjar og tidlegare stadionsjef på Beitostølen Skistadion har han teke ansvaret

Nokre menneske får alt til å falle litt meir på plass når dei kjem inn i rommet. Jacob Svarre Håvelsrud er ein slik person. Med humør, varme og ei ro som gjer godt, har han blitt ein av Valdres sine mest folkekjære og tillitsvekkjande skikkelsar. I dag er han dagleg leiar og gravferdskonsulent ved Kampenes Begravelsesbyrå på Fagernes, og det er nettopp i dei lune lokala der denne podkasten er spelt inn. Gjennom samtalen får vi ta del i Jacobs store samfunnsengasjement. Han er eit ja-menneske av sjeldan sort – ein som stiller opp, ser folk, tek ansvar og bidreg i lokalsamfunnet på ein måte som verkeleg set spor. I podkasten går vi òg openhjartig inn i noko mange undrast på, men få vågar å spørje om: Kva skjer eigentleg når eit menneske døyr? Korleis ser prosessane ut – både dei praktiske, dei menneskelege og dei djupt respektfulle? Her gir Jacob ei grundig, varm og forståeleg forklaring på kva som faktisk kan skje etter eit dødsfall, og han opnar døra til eit fagfelt dei fleste berre ser utanfrå. Gjennom si jordnære og tydelege formidling får vi eit unikt innblikk i arbeidet bak ein gravferd – og kor mykje omtanke, presisjon, medkjensle og humor som ligg i denne viktige jobben. Samtidig får vi vere med på Jacobs mangfaldige livsreise: frå Danmarks flate landskap til Finnmarks-vidda, via hundekøyring, utmarksforvaltning, lærargjerning, frivillig arbeid og ein krevjande kreftkamp – og til slutt  då han «kom heim» Volbu i Valdres. Foto Roy Myrland

 Jacob Håvelsrud Svarre – livet, døden og gravferd forklart i podkast frå Valdres. Podkasten er laga med støtte frå: Joker Ryfoss Meny Stavern og Rørleggermester Svein Olsen & Sønner A/S, Beitostølen Nokre menneske har evna til å skape ro, varme og tryggleik berre ved å komme inn i eit rom. Jacob Håvelsrud Svarre er ein av dei. Med sitt gode humør, sin lune ro og sitt sterke nærvær har han blitt ein av

I denne podkastepisoden får du møte Ole Kristian Ødegård frå Heidal – ein mann med ei heilt spesiell lidenskap for fjell, fridom og historie. I over femten år har han studert og dokumentert livet til jegerlegenda Jo Tjøstolvson Kleppe (1794–1884), bedre kjent som Jo Gjende. Gjennom forteljingar, restaurering av gamle bygg og ved å gjenskape både utstyr og den raude Jo Gjende-lua, har Ole Kristian løfta fram arven etter fjelljegeren som levde livet sitt i Jotunheimen. Han har òg utvikla og produsert handlaga treski, inspirert av samisk skikultur, og skia hans har vore med i både filmar og på Norge Rundt – der han har delt kunnskapen sin om tradisjon og handverk. Samtalen er tatt opp i skimakarverkstaden hans i den vesle laftastova, høgt over Heidalen – med utsikt mot fjella som både Jo Gjende hadde, og Ole Kristian framleis har, så kjær. Intervjuet er gjort av redaktør Roy Myrland i nettavisa Langsvegen.no . God lytting!

I denne episoden frå Langs Vegen No får du møte Ole Kristian Ødegård frå Heidal – ein mann med ei heilt spesiell lidenskap for fjell, fridom og historie. Stor takk til Gjendebåten, Beitostølen Anlegg As og Bilbadeland for annonsestøtte til denne podkasten. I over femten år har han studert og dokumentert livet til jegerlegenda Jo Tjøstolvson Kleppe (1794–1884), bedre kjent som Jo Gjende. Gjennom forteljingar, restaurering av gamle bygg og ved å gjenskape både