arrangement

Laurdag 8. august blir det igjen liv, lått og god stemning i Gjendeosen når Bernt Jo Vole og laget hans inviterer til Gjendekonserten. I år står både Get Rhythm og 5Åver på scena, så det ligg an til ein triveleg sommarkveld der publikum får trimma både smilet, stemmebanda og dansefoten – med Gjende og dei mektige Jotunheimen-fjella som verdas flottaste kulissar. Biletet over: Bernt Jo Vole er klar for nok ein Gjendekonsert, og både han og resten av gjengen gler seg til å ønskje publikum velkomen til ein musikalsk sommarkveld i Gjendeosen. Eit av høgdepunkta før konsertane er utdelinga av Gjendeprisen, som skjer klokka 18.45. Kven som får den gjeve utmerkinga i år er framleis hemmeleg. I fjor gjekk prisen vel fortjent  til Kjell Helge Løkken (84) frå Vågå  (Sjå video her) Gjendekonserten har på få år blitt ein triveleg tradisjon der musikk, natur og gode møte mellom folk står i sentrum. Før tonane fyller lufta, eller i pausen mellom konsertane, kan publikum nyte eit godt måltid på Café Gjendeosen. Der blir det servert både lokale rettar, ekte fjellmat, fersk bakst og andre freistande smakar – alt med utsikt mot Gjende og Besseggen. Vil du vere sikra plass på årets konsert, kan du bestille billettar her: 🎟️ Bestill billettar til Gjendekonserten

Laurdag 8. august blir det igjen liv, lått og god stemning i Gjendeosen når Bernt Jo Vole og laget hans inviterer til Gjendekonserten. I år står både Get Rhythm og 5Åver på scena, så det ligg an til ein triveleg sommarkveld der publikum får trimma både smilet, stemmebanda og dansefoten – med Gjende og dei mektige Jotunheimen-fjella som verdas flottaste kulissar. Biletet over: Bernt Jo Vole er klar for nok