folkeliv

Kva er «urbanusdagen»? -Her er svaret frå Siri i Etnedal.

  Urbanusdagen i Ødegarden – ei hyggeleg helsing til Marit i Plassen. Fredag 30. mai var det igjen klart for Urbanusdagen i Ødegarden i Etnedal. I strålande vårsol inviterte systrene Siri (biletet over) og Pernille Ødegård til marknadsdag med både historie, lokalmat, handverk og gode møte mellom folk. Takk til @JVB, KIWI Farriseidet, Wangensten og Joker Ryfoss for annonsestøtte. Foto: Mette Sebuødegården/Tunetbutikken Gerd og Jenny ( i Holdalsfoss) Produsentar og

Podkast frå sakrestiet. -Open kyrkje døgnet rundt.

Velkomen til ein triveleg podkastprat frå sakristiet i vakre Skrautvål kyrkje! Her får du høyre biskop Ole Kristian Bonden i Hamar bispedømme og prost i Valdres, Carl Philip Weisser, i god samtale under bispevisitasen i Nord-Aurdal kommune 2. april. Det er Roy Myrland i nettavisa Langsvegen.no som har mikrofonen og inviterer til ein lun og innsiktsfull prat om tru og kyrkje i dalen.