Hardanger

Eit minne frå Måbødalen – køyr varsamt 15. august 1988 skjedde den tragiske Måbødalsulykka. Ein svensk buss med skuleelevar frå Kista i Stockholm var på veg gjennom Måbødalen på tur mot Bergen og vidare til Shetland. Ombord var barn i 11–12-årsalderen, foreldre og bussjåfør. Ved utgangen av Måbøtunnelen svikta bremsene. Bussen køyrde inn i tunnelveggen, og 16 menneske omkom – 12 av dei var skulebarn. 18 menneske vart skadde. Ved staden står ei lita plakett til minne om dei som mista livet. I dag er plaketten delvis gøymd bak brakker og maskiner, men historia om det som skjedde her, pregar framleis vegstrekninga. Måbødalen er ein spektakulær og vakker del av vegen mellom Hardangervidda og Eidfjord – men også ei bratt og krevjande strekning. No arbeider Statens vegvesen med nye tryggingstiltak i tunnelane, mellom anna detektorar som skal varsle om varmgang i bremsane på køyretøy som kjem ned frå Hardangervidda. Ta vare på deg sjølv og dei du møter på vegen. Køyr varsamt, bruk riktig gir og ver merksam på bremsane. Den vesle plaketten minner oss om at bak den vakre utsikta og den spektakulære vegen finst det også ei historie om menneske som aldri kom fram. Stikkord Måbødalsulykka, Måbødalen, Måbøtunnelen, Eidfjord, Hardangervidda, Rv 7, bussulykke, trafikkulykke, 15. august 1988, svenske skulebarn, skulebarn, bremsesvikt, trafikksikkerheit, tryggleik på vegen, Statens vegvesen, tunnel, bremsevarme, trafikktryggleik, minneplakett, minnesmerke, vegfarande, køyr varsamt, Hardanger, Vestland, Noreg

15. august 1988 skjedde den tragiske Måbødalsulykka. Ein svensk buss med skuleelevar frå Kista i Stockholm var på veg gjennom Måbødalen på tur mot Bergen og vidare til Shetland. Ombord var barn i 11–12-årsalderen, foreldre og bussjåfør. En stor takk til Fjelltun Sandtak & Transport, Tuft Transport, Valdrestømmer, Fjellvang Transport og Beitostølen Anlegg AS – tusen takk for verdifull støtte til denne artikkelen! Ved utgangen av Måbøtunnelen svikta bremsene. Bussen