jørn hilme-stemnet

Speleglede, dans og stinn brakke på Solhaug Det var både belgdrag, danseglede og god stemning då drøyt 200 unge og litt eldre valdrisar, saman med eit par hyttefolk, samla seg til fest på Solhaug samfunnshus i Øystre Slidre laurdag 10. oktober. Med Kælvemellin og Valdres Toraderlag på scena vart det ein kveld der både musikken og danseføtene fekk utfalde seg. Denne gongen takkar vi spesielt VYRK, Grobakken Landmek og Fjellvang Transport for støtta! Lokale annonsørar gjer lokal journalistikk mogleg – tusen takk! Festen var eit samarbeid mellom Solhaug samfunnshus og Øystre Slidre spel- og dansarlag, med Jørn Hilme-stemnet som ein del av arrangementet. Unge musikarar imponerte Det lokale bandet Kælvemellin stod for oppvarminga, og det gjorde dei med glans! Dei leverte speleglede og musikalsk samspel av beste merke! Frå venstre: Magnus Melbye, Nelly Hegge Hippe, Torstein Furulund, Ole Mathias Haugen, Sigurd Strand og Solveig Onstad. Dei  imponerte med framifrå samspel og ei musikalsk forståing som vitna om både talent og mykje øving. Dei lytta til kvarandre, spelte kvarandre gode og formidla ei speleglede som verkeleg kunne kjennast i salen. Her var det ikkje berre snakk om å treffe dei rette tonane. Det handla om å skape musikk saman, og det meistra dei unge musikarane på imponerande vis. Superkjendisar med belg og rytme Då Valdres Toraderlag overtok scena, vart det verkeleg fart på danseføtene. Med sine velkjende melodiar, smittande speleglede og drivande rytmar sørgde dei for at gamaldansen fekk gode vilkår. Toradarlaget har gjennom mange år opparbeidd seg ein solid posisjon i det lokale musikkmiljøet, og dei veit korleis dei skal få folk ut på dansegolvet. Her var det belgspelarar med både kraft og presisjon, ein bassist som heldt trykket og rytmen stødig som få, og ein trommeslagar som verkeleg var i sitt ess! Bilettekst – HOVUDBILETE, Valdres Toraderlag: Valdres Toraderlag er reine «superkjendisar» i Valdres! Med belger i storform, ein bassist som er stødig som få til å halde trykket og rytmen oppe, og ein trommis ut av ei anna verd, vart det skikkeleg liv på Solhaug! Høyr dei sjølve i videoen nedst i artikkelen. Danseopplæring før festen Før festen var det lagt til rette for både kræsjkurs i gamaldans og opplæring i toradarspel. Anne Heidi Kvam Hillestad og Birgit Haukås stod for danseopplæringa, medan Tom Kjetil Tørstad og Vegard Thon bidrog med musikalsk rettleiing. For nokre var dette kanskje dei første stega inn i gamaldansen, medan andre hadde dansetrinna godt innarbeidde frå før. Bilettekst – Tom Kjetil Tørstad: Med toradaren på plass bidrog Tom Kjetil Tørstad til "crash-kurset) i toraderspill for både uerfarne og de som hadde spilt litt på Solhaug. Her saman med, frå venstre, Trine Grønlien, Renate Remme Øverseth og Susanne Engelmann. Ein fest for fleire generasjonar Med drøyt 200 festdeltakarar, frå unge vaksne til godt vaksne valdrisar, og eit par hyttefolk som også hadde funne vegen til Solhaug, vart dette ein sosial møteplass på tvers av generasjonane. Kollbjørns pub heldt ope, praten gjekk livleg, og dansemusikken sørgde for at det var nok å røre seg til. Det er noko eige med slike bygdefestar. Her treng ein verken blinkande diskolys eller musikk frå andre sida av jordkloden for å skape stemning. Nokre gode belgspelarar, ein stødig rytmeseksjon og folk som trivst i lag, kan vere meir enn nok. Og skulle ein trakke litt feil i dansen, er det heldigvis lov å skulde på golvet! Sjå og høyr Valdres Toraderlag i videoen nedst i artikkelen.

Speleglede, dans og stinn brakke på Solhaug Det var både belgdrag, danseglede og god stemning då drøyt 200 unge og litt eldre valdrisar, saman med eit par hyttefolk, samla seg til fest på Solhaug samfunnshus i Øystre Slidre laurdag 10. oktober. Med Kælvemellin og Valdres Toraderlag (sjå og høyr Valdres Toraderlag i videoen frå sankthansaften 2025 nedst i artikkelen) på scena vart det ein kveld der både musikken og danseføtene

Dyktige spelemenn og Monica Litangen.

Valdres Toraderlag har berre spelt saman nokre få månader, og har allereie markert seg som eit av landets aller beste toradarorkester. Dei består av nokre av Valdres sine aller dyktigaste spelemenn, inkludert Monica Litangen. Storefjelltreffen 2024 vann dei, og no står Landsfestivalen for tur første helga i august. Under Jørn Hilme-stemnet på Fagernes spelte dei til dans på festplassen. Sjå og høyr dei spela og presentera seg sjølv i videoinnslaget

Gratis adgang til kappleikane.

Hilmestemnet 2024 i Valdres går mot slutten, og det er gratis å oppleve den gnistrande avslutninga under kappleikane. Fredag ​​12. juli er det kappleik for deltakarane på Norges største sommarkurs i folkemusikk og -dans for ungdom i Trykkeriet på Fagernes. Laurdag 13. juli skal dei vaksne konkurrere på same stad. Tevlingsleiar Marianne Granheim Trøyflat fortel meir i videointervjuet . Program for Hilmestemnet finn du her: Hilmestemnet program .

Han trollbandt publikum.

Odd Nordstoga leverte en minneverdig opptreden under Solefallkonserten på Jaslangen. Til tross for at solnedgangen glimret med sitt fravær, var det spilleglede og varme fra Nordstoga og hans eminente musikere, som fikk publikum til å storkose seg i den grå sommerkvelden. Om du vil støtte Langsveien.no sitt lokale engasjement og mangfold sier vi TUSEN TAKK for en abonnent til. Klikk her Like før konserten startet var det solid regnvær, men

Har du vært ved, eller kjenner du noen ved Møsvatn i Telemark?

I videoen under intervjuer Linn Ulvestad filmskaper Aaslaug Vaa og et par publikumere etter forhåndsvisning av «Kvar song ei soge» under Jørn Hilme-stemnet. Filmen «Kvar song ei soge» er med folk og om hverdagssang ved Møsvatn. «Kvar song si soge» er Amandanominert og kommer snart på kinoer over hele landet.