kokk

Arne Brimi og laget hans gjorde valdrisar av seg! Tysdag 17. november vart Valdres vidaregåande skule forvandla til ei rein gourmetarena då sjølvaste Arne Brimi og laget hans frå Opplæringskontoret Brimi-Kjøken inntok kjøkenet der. Alle 10.-klassingane i Valdres var inviterte til å kokkelere side om side med Arne Brimi, Kristoffer Hovland frå Vianvang og Espen Hartløv frå Opplæringskontoret Brimi-Kjøken. Kristoffer Hovland er tidlegare kåra til «Årets kjøkkensjef i Noreg», og han har vore på kokkelandslaget i fem år, der han mellom anna var med på å vinne verdscupen i kokkekunst. Espen Hartløv er driftsansvarleg for Opplæringskontoret og handterer det administrative – som informasjon og kommunikasjon, planlegging og koordinering, rekruttering med meir – i tillegg til å vere eit nøytralt bindeledd mellom lærlingane og lærebedriftene. Han informerte dei unge – og foreldra deira – om dei mange moglegheitene innan matfag og yrkesopplæring. Etter ein dag med kutting, røring og smaksprøvar inviterte ungdommane dei føresette til ein skikkeleg festmiddag på skulen. Det vart god stemning, mette magar og mykje latter, og gjengen fekk solid informasjon om tilboda for dei som vil inn i matfaget – nært og engasjerande formidla av Arne sjølv, med Tor Ivar som «wingman». Arne Brimi forklarte grundig for dei føresette korleis Opplæringskontoret Brimi-Kjøken samarbeider for å utdanne framtidas matfagfolk – både på kjøken og i restaurant. 1+3-modellen i Valdres Føresette og elevar fekk ei grundig forklaring av 1+3-modellen her i Valdres. Etter at Innlandet fylkeskommune la ned Vg2 Restaurant- og matfag no i haust, er 1+3-modellen eit alternativ for elevar som ikkje ønskjer å flytte langt heimanfrå for å ta den tradisjonelle utdanninga via Vg2. – Denne 1+3-løysinga, med eitt år på skule og tre i bedrift, stiller store krav til bedriftene, men gevinsten kan vere stor for alle, sa Brimi. Han la òg til at samarbeid på tvers av fjellregionen – både nord og sør for Valdresflye – bør vere nøkkelen til å halde fagtradisjonen levande i fjellbygdene i Innlandet. Best av alt: Mange unge drog heim mette på både mat og inspirasjon – og kanskje med ein gryande draum om kokkelue i framtida. Dette besøket vart arrangert på oppdrag frå Innlandet fylkeskommune, som ønskjer å fremje søkinga til matfaglinjene ved skulane i fylket. Fotonote: Opplæringskontoret Brimi-Kjøken består av elleve små, familieeigde bedrifter frå Sjodalen og Ottadalen. Sidan starten for 18 år sidan har dei samarbeidd om å utdanne nye fagfolk innan matfaget – både på kjøken og i restaurantar – med lokal forankring og ekte matglede som varemerke.

Arne Brimi og laget hans gjorde valdrisar av seg mondag 17.! -Det sette desse 10. klassingane stor pris på. Takk til Visitgjende – Besseggen , SPAR Beitostølen , Rein Frå Jotunheimen og Lodge 900, Beitostølen for annonser på Langsvegen.no. Tysdag 17. november vart Valdres vidaregåande skule forvandla til ei rein gourmetarena då sjølvaste Arne Brimi og laget hans frå Opplæringskontoret Brimi-Kjøken inntok kjøkenet der. Alle 10.-klassingane i Valdres var inviterte til å kokkelere side om

Livet, maten og menneskemøta. -Ein podkast frå Langs Vegen No.

Velkomen til  to episodar med sjølvaste husverten og kokken for Trygve – og resten av «Team Pølsa» – på Beitostølen: Odd Gunnar Bjørung. Dette blir stas! https://open.spotify.com/episode/5TY2sJNFl1hSEWCCQPpCNS?si=4UzTCeuoSmCeWleETML5xg&context=spotify%3Ashow%3A5tbUnRYOkkWj2zW8TKS6dF https://open.spotify.com/episode/5TY2sJNFl1hSEWCCQPpCNS?si=-_jGbZ6NQF6SfRwqqUQHzA&context=spotify%3Ashow%3A5tbUnRYOkkWj2zW8TKS6dF Her får du høyre om ein kar som har levd livet med både motbakkar og sol i andletet, i samtale med redaktør Roy Myrland i nettavisa www.Langsvegen.no . Bli gjerne abonnent på Langsvegen.no og bidra til fleire slike podkastar her. I denne samtalen

Manti

Nyttårsaften er over og for mange er god mat en viktig del av kvelden. Manti (Tyrkisk ravioli) er velsmakende festmat. (Timelapse video av hvordan «manti» lages i videoen under.) Mer om «manti» på Wikipedia: https://translate.google.com/translate?hl=&sl=en&tl=no&u=https%3A%2F%2Fen.m.wikipedia.org%2Fwiki%2FManti_(food)