konstruksjonsvirke

Hos Byggtorget Fosheim Sag i Røn i Valdres er det full fart om dagen, sjølv om vinteren så vidt har vært på besøk i dalføret. Den store byggevarebutikken er eit fast stopp for både proffar og privatkundar – her finn ein det meste som trengst til hus, hytte og heim. Frå små skruar og isolasjon til store materialpakkar for hyttebygg og renovering. Ute på plassen ved Byggtorget Fosheim Sag står dagleg leiar Eivind Fosheim og medarbeidar Jon Magnus Øien (biletet over) klare med endå ei stor materialpakke som skal sendast ut. Dei sjekkar at alt er stroppa godt saman og klart for transport, slik at ingenting får skade på vegen. Om få timar er pakken på veg til ei ny hytte oppe på åsen – eit sikkert teikn på at byggjelysta i Valdres framleis er på topp, sjølv om vinteren bankar på døra. – No går det mest i konstruksjonsvirke, forklarar Eivind Fosheim. – Snøen har lagt seg i høgda, og mange snekkarar og byggmeisterar jobbar på spreng for å få tette tak og vegger før meir snø og kulde kjem for alvor. Også Henrik Skattebo, dagleg leiar i Byggmester Ranheim, håpar vêrgudane held att litt til: – Me har fleire prosjekt som vi helst vil ha tett tak på før snøen kjem, fortel han til Langsvegen.no. Det er med andre ord travle dagar hos Byggtorget Fosheim Sag i Røn, og både hyttebyggarar og handverkarar gjer sitt for å halde byggjetempoet oppe i Valdres.

Hos Byggtorget Fosheim Sag i Røn i Valdres er det bra fart om dagen, sjølv om vinteren så vidt har vore innom dalføret. Takk til Valdres Bakst As Vaset Skiheiser og Beitostølen Helsesportsenter for annonsestøtte til denne artikkelen.  Den store byggevarebutikken i Vestre Slidre kommune er eit fast stopp for både proffar og privatkundar – her finn ein det meste som trengst til hus, hytte og heim. Frå små skruar og isolasjon til store materialpakkar