kunstig intelligens

Det vart både leik, gode historier og nyttig næringslivsprat då næringslivet samla seg i Stavadalen Park torsdag 22. oktober. Frå campingturisme og sosiale medium til nye arbeidsplassar og næringsstrategi – det manglar ikkje på moglegheiter i Sør-Aurdal. Deltagerar og arrangører: Framme frå venstre: Stig Solbrekken, næringsrådgiver i Sør-Aurdal kommune. Olav Kristian Huseby, leder i Sør-Valdres Utvikling. Vemund Østgård, styreleder i VA Entreprenør. Jonn Kulterud, daglig leder i Norsk Massivtre. Vidar Hovdet, daglig leder i BK Byggevare. Bak frå høgre: Arnfinn-Helge Kvam, banksjef i Valdres Sparebank. Vidar Stavedal, daglig leder i Stavedalen Park. Svein Trondheim, utvikler av Gamle Etna Stasjon. Oddvin Sørbøen, daglig leder i Valdresskigard. Elisabeth Gåsmo, Olmhus Gård. Svein Erik Wold, Wold Fyr og Flamme. Inger Råheim, Nordre Fønhus gård. Kjersti Fosskaug, Ellingsæter Kafé og utleie. Frode Bertelrud, Bygningstekniker Frode Bertelrud. Karine Langedrag, Langedrag Camping. Karianne Borchgrevink og Bente Anti, begge fra Valdres Næringshage. Kvelden starta i Fjøset Gårdskafé, der Vidar Stavedal har skapt både simulatorrom og ein triveleg «kalvebinge» med skliing, klatring og god, gammaldags moro. Her fekk deltakarane ein smak av tida før skjermane tok over mykje av fritida vår. Stavedal fortalde også om vintereldoradoet på Veståsen ovanfor Bagn, der ein no ventar på snøen. Næringsrådgivar Stig Solbrekken ønskte velkomen til arrangementet, som var eit samarbeid mellom Sør-Aurdal kommune, Sør-Valdres Utvikling og Valdres Næringshage. Camping, gründerar og synlegheit Karine Langedrag fortalde engasjert om Langedrag Camping, som tek imot gjester frå heile Noreg og fleire europeiske land. Rundt ti prosent av gjestene kjem for å fiske, og også vinterstid lokkar vatna på åsen med pilking. Karianne Borchgrevink presenterte Valdres Næringshage, som feirar 25 år og arbeider fast med rundt 60 bedrifter. Åtte medarbeidarar med ulik kompetanse hjelper verksemder frå idé til utvikling, mellom anna gjennom etablerarkurs og rådgiving. Mottoet er «Frå potensial til resultat». Bente Anti tok for seg marknadsføring, sosiale medium og komande kurs om mellom anna beredskap, kunstig intelligens og kapitalinnhenting. Ho peikte på behovet for fleire «varme senger» i Sør-Aurdal og betre synlegheit for eksisterande overnattingstilbod. Visit Valdres fekk ros for innsatsen med å gjere dalføret synleg på nett. – Vi scroller 180 meter om dagen, og ungdommen endå meir, fortalde Anti. Næringsstrategi og nye moglegheiter Stig Solbrekken presenterte arbeidet med Sør-Aurdal kommune sin strategiske næringsplan for 2027–2031. Lokal råvareutvikling, mat, treforedling, kraft og energi var blant tema han trekte fram. Bygg og anlegg står for heile 27 prosent av arbeidsplassane i kommunen. Også utviklingsmoglegheitene for Fekjær psykiatriske senter i Hedalen vart omtala, mellom anna gjennom arealplanlegging som kan leggje til rette for vidare vekst. Deltakarane fekk også kome med innspel og gode idear til det vidare arbeidet. Engasjementet rundt borda vitna om både skaparglede og vilje til å satse. Fortener å bli både sett og høyrt For ein som er litt over middels oppteken av at vi treng eit levande næringsliv og trygge arbeidsplassar i dalføret, var det rett og slett godt å oppleve så mange engasjerte og framoverlente bedriftseigarar i Sør-Aurdal. Det som kanskje manglar, er endå betre synleggjering på nettet og meir framsnakking av bedriftene, produkta og menneska bak – både i sosiale medium, på digitale plattformer og i andre forum der folk møtest. For det er mykje bra som skjer i Sør-Aurdal, og det fortener både merksemd og applaus! Næringslivet i Sør-Aurdal har mykje å by på. No gjeld det å sørgje for at endå fleire får vite om det. Og med det får bileta fortelje resten av historia frå ein triveleg og innhaldsrik næringslivskveld i Stavadalen.

Det vart både leik, gode historier og nyttig næringslivsprat då næringslivet samla seg i Stavadalen Park torsdag 22. oktober. Frå campingturisme og sosiale medium til nye arbeidsplassar og næringsstrategi – det manglar ikkje på moglegheiter i Sør-Aurdal. Takk til Bilbadeland Fagernes, Bilbadeland Leira, Montér Storefoss, Byggtorget Fosheim Sag og Vaset Skiheiser for verdifull annonsestøtte til denne artikkelen. Dei og våre andre annonsørar med på å gjere denne artikkelen mogleg, og

Kunstig intelligens fosser inn i arbeidslivet og hverdagen vår – men er alle med på ferden? Under Arendalsuka snakker teknologiekspert  om en utfordring som kan bli stadig viktigere: Risikerer vi å få en gruppe «KI-analfabeter» – mennesker som blir stående på utsiden fordi de mangler kunnskapen som trengs for å forstå og bruke KI? Det er nettavisa Langsveien.no, ved redaktør Roy Myrland, som stiller spørsmålet. Over 25 år midt i den digitale utviklingen En av Norges tydeligste stemmer om teknologi og digitalisering Har jobbet med IT og IT-politikk i Forbrukerrådet og IKT-Norge Managing partner i Otte Ettertraktet rådgiver og sparringspartner for næringsliv og organisasjoner Hyppig brukt som teknologiekspert og kommentator i mediene Følger KI-revolusjonen tett – og forklarer hva den betyr for vanlige folk

Kunstig intelligens fosser inn i arbeidslivet og hverdagen vår – men er alle med på ferden? Under Arendalsuka snakker teknologiekspert  om en utfordring som kan bli stadig viktigere: Risikerer vi å få en gruppe «KI-analfabeter» – mennesker som blir stående på utsiden fordi de mangler kunnskapen som trengs for å forstå og bruke KI? Det er nettavisa Langsveien.no, ved redaktør Roy Myrland, som stiller spørsmålet. Over 25 år midt i

Nynorsken står ikkje med lua i handa.

 – Ingvild Bryn tok Fagernes med storm. Ingvild Bryn var overraska, glad og stolt over at så mange møtte opp i godt humør då Nord-Aurdal mållag, Ulnes Bygdekvinnelag, samt Ranheim og Garli Bygdekvinnelag arrangerte kulturkveld i Trykkeriet på Fagernes onsdag 16. april. Det var fullt hus – og det burde eigentleg ikkje overraska nokon. For når eit av Noregs mest elska nyhetsanker stiller opp frivillig, spelar piano, leier allsong og