Langs vegen no

Podkast. -Korleis kan biokull gi betre jord Olav Amund Lie?

  Kva har kol, jord, klima og frodige tomatplanter til felles? Meir enn du kanskje trur. Jorda er noko av det viktigaste vi har. Ho gir oss maten vi et, bind karbon og er sjølve grunnlaget for livet rundt oss. Dei fleste ønskjer å overlate jorda til neste generasjon i minst like god stand som då vi tok over – og aller helst litt betre. Det er nettopp dette som

Podkast: – Odd Nordstoga blir ikkje kvitt lidinga si.

Ein varm podkastprat med Odd Nordstoga, og fotoserie frå Trollrock (lenke nederst i artikkelen her). Ei stor takk til Hageland Gjennestad, Byggtorget Fosheim Sag, #Valdrestømmer og Nerstad Tuft Transport AS for verdifull annonsestøtte til denne podkasten. Det er takka vere slike samarbeidspartnarar at Langsvegen.no kan halde fram med å formidle historier om menneske, kultur og opplevingar. Har du høve, oppmodar vi deg gjerne til å støtte dei som støttar lokal

Podkast. -Trollbatt heimepublikummet på Trollrock

No kan du bli betre kjend med «Ejlis» i podkasten. Etter «Ejlis» sin konsert på Trollrock møtte redaktør Roy Myrland i «Langs Vegen No» Silje Brekke Veltun – betre kjend som «Ejlis» – til ein podkastprat backstage. Den dyktige artisten frå Rogne i Øystre Slidre fortel om gleda ved å stå framfor heimpublikummet, kvifor ho syng på dialekt, korleis eigne opplevingar mellom det urbane og det rurale blir til musikk,

Podkast. -Bjarne Brøndbo på Trollrock.

Podkast og fotoserie.  -Jubelen hadde så vidt lagt seg etter D.D.E. sin forrykande konsert på Trollrock laurdag 25. juli, då redaktør Roy Myrland i Langs Vegen No fekk ein hyggeleg prat med Bjarne Brøndbo backstage. I podkasten fortel han om møtet med publikum og kva som framleis driv eit av Noregs mest folkekjære band. Biletet: Bjarne Brøndbo fekk Valdresrosa til nøkkelknippet sitt frå Roy Myrland i Langsvegen.no

Podkast: Kva har ein skihoppar på hoppkanten og ein kunstmålar framfor lerretet til felles?

Podkasten finner du lenger ned i artikkelen, for først: Ei stor takk til  Valdres Brannkasse og GG13 på Fagernes, Fossen Camping, Fagernes, MENY Søndersrød i Helgeroa, Trio Elektro AS og Kollstad Lakk og Sandblåsing for at de bidreg til å gjere det mogleg å produsere podkastar og innhald frå Valdres og elles langs vegen. Støtta dykkar betyr mykje, og me set stor pris på både samarbeidet og tilliten. Kunstmålar Ivar Andreas

Podkast: Historia om Telavåg – fortald av Jenny Heggvik

I denne episoden av Langs Vegen No-podkasten fortel museumsleiar Jenny Heggvik til Roy Myrland om tragedien som råka Telavåg våren 1942, då bygda vart utsletta av okkupasjonsmakta. Ho skildrar også kva som hende med telavågingane i åra etterpå, då heimane var borte og eit heilt lokalsamfunn måtte byggjast opp att. https://www.instagram.com/reel/DZrTmRWS16g/?igsh=YzZnb2Q0Ym56Y2l3

I Valdres blir hendingane frå 14. juni 1944 og den tyske storaksjonen Operasjon Almenrausch framleis markerte som eit viktig minne om motstandskampen under andre verdskrigen. I Telavåg på Sotra sørgjer Nordsjøfartmuseet for at historia om Telavåg-tragedien blir halden levande – den brutale hemnaksjonen der ei heil bygd vart lagd i ruinar, menn sende til konsentrasjonsleirar og kvinner, barn og eldre tvangsflytta etter Gestapo-aksjonen våren 1942. Under leiing av museumsleiar Jenny Heggvik (biletet over) blir denne viktige krigshistoria formidla til dei mange besøkjande som kvart år tek turen til museet for å lære meir om Nordsjøfarten, motstandskampen og dei dramatiske hendingane som sette djupe spor langs norskekysten. Vi høyrer ofte setninga «vi må aldri gløyme». Samtidig blir dei som opplevde krigen stadig færre, og avstanden til dei dramatiske hendingane under okkupasjonen blir større for kvar generasjon. Nettopp derfor er det viktig å fortelje historia om Telavåg vidare. Ytst mot Nordsjøen på Sotra vest for Bergen ligg den vesle bygda Telavåg. I dag framstår staden fredeleg og vakker, men under andre verdskrigen vart bygda sentrum for ei av dei mest brutale hemnaksjonane som den tyske okkupasjonsmakta gjennomførte i Noreg. Telavåg var eit viktig knutepunkt for motstandsrørsla. Herfrå gjekk båtar over Nordsjøen til Shetland med flyktningar, agentar, våpen og viktig informasjon mellom det okkuperte Noreg og det frie Storbritannia. Det livsfarlege arbeidet vart utført av vanlege menneske som valde å setje livet på spel for fridomen. Så kom april 1942. Etter tips frå ein norsk angivar gjennomførte Gestapo ein aksjon i bygda. Det enda med skotveksling der to tyske offiserar og ein norsk agent vart drepne. Ein annan agent døydde seinare av skadane sine. Hevnen frå okkupasjonsmakta kom raskt – og nådelaust. Heile Telavåg vart lagt i ruinar. Hus vart sprengde, båtar øydelagde og eigedomar konfiskerte. Mennene vart arresterte og sende til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen i Tyskland. Mange kom aldri heim att. Kvinner, barn og eldre vart tvangsflytta frå bygda og internerte andre stader på Vestlandet. Først på Storetveit skule utanfor Bergen, seinare ved Framnes folkehøgskule i Hardanger. Ei heil bygd vart straffa for motet til sine eigne innbyggjarar. Historia om Telavåg handlar om langt meir enn ei lokal krigshistorie. Ho fortel om kva som kan skje når eit regime brukar frykt, vald og kollektiv avstraffing for å kneble motstand. Samtidig er ho ei forteljing om menneske som nekta å gi opp trua på fridom og demokrati. På Nordsjøfartmuseet i Telavåg blir historia om Nordsjøfarten og tragedien som råka bygda under andre verdskrigen teken vare på og formidla til nye generasjonar. Her får besøkande innblikk i motstandskampen, Shetlandsgjengen og dei dramatiske hendingane som gjorde Telavåg kjend langt utover Noregs grenser. Museumsleiar Jenny Heggvik ved Nordsjøfartmuseet er blant dei som arbeider for å halde denne viktige krigshistoria levande. Med stort engasjement og solid kunnskap formidlar ho forteljinga om bygda som vart jamna med jorda av den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen, og om innbyggjarane som betalte ein høg pris for motet sitt. Snart kan du også høyre Jenny Heggvik fortelje meir detaljert om dei dramatiske hendingane som råka Telavåg våren 1942, då ho møter redaktør Roy Myrland i podkasten «Langs Vegen No». Der tek ho lyttarane med tett på både menneska, motstandskampen og konsekvensane av ei av dei hardaste hemnaksjonane som vart gjennomførte i Noreg under andre verdskrigen. Historia er dessverre ikkje berre aktuell som eit tilbakeblikk. Ho minner oss også om kor sårbare demokrati og menneskerettar kan vere når autoritære krefter får fotfeste. Fridom, deltaking og menneskeverd kan aldri takast for gitt. Telavåg står att som eit sterkt symbol på kva vanlege menneske kan ofre når kampen står om fridom – og på kva pris eit samfunn kan måtte betale når undertrykking og frykt får rå. For historia frå Telavåg lærer oss noko viktig: Fridom er aldri gratis. Og han kjem aldri med livsvarig garanti. Sjå og høyr meir om Telavåg Museum og informasjon: Nordsjøfartmuseet i Telavåg NRK-program frå Telavåg: NRK TV – Telavåg YouTube-video om Telavåg-tragedien: Telavåg og krigshistoria Nordsjøfartmuseet sin museumsfilm frå 2020: Tragedien i Telavåg – museumsfilm

I Telavåg på Sotra sørgjer Nordsjøfartmuseet, leia av Jenny Heggvik (biletet over), for at historia om Telavåg-tragedien blir halden levande. – Etter Gestapo-aksjonen våren 1942 vart Telavåg råka av ei av dei hardaste hemnaksjonane under okkupasjonen. Bygda vart jamna med jorda, mennene sende til konsentrasjonsleirar og kvinner, barn og eldre tvangsflytta frå heimane sine. Denne artikkelen er laga med støtte frå annonsørane Vyrk, Bakke Maskinservice og JVB Reise. Takk for

Podkast. -Bur i den venaste bygda og er kjøkkensjef der mat er ein viktig del av rehabiliteringa.

Aller først. -Klikk på biletet under og abonner fjerne. I denne episoden av «Langs Vegen No» podkasten på Spotify blir det både latter, matprat og gode historier frå ei dame som verkeleg kan kunsten å lage skikkeleg god mat – helst med så mykje lokale råvarer som mogleg. På den andre sida av bordet sit nemleg Line Holar Onstad, jenta frå Ski som starta reisa si ved kokk- og stuertskulen

Podkast: -Historia om mannen som satte bygda først og aldri glømde flokken sin.

  Bjørn Ola Aukrust frå Lom – tidlegare varaordførar, skuleforkjempar og no den ettertrakta Lomslosen. -Ei varm, humoristisk og engasjerande podkastsamtale på Langs Vegen No.   Bjørn Ola Aukrust er arbeiderpartimannen og varaordføraren som vart rikskjendis med kjepphest og pisk, satte bygda først, og som aldri glømde flokken sin. Men historia om Bjørn Ola startar lenge før både kjepphestar, partipiskar og cruiseturistar. Han vaks opp i Lom med fjella som

Valdres i hjartet: Vedum om bedrifter, eigarskap og lokalsamfunn

Valdres i hjartet: Vedum om bedrifter, eigarskap og lokalsamfunn. Senterparti-leiaren og stortingsrepresentanten Trygve Slagsvold Vedum tok imot redaktør Roy Myrland og podkasten Langs Vegen No i kontoret sitt på Stortinget til ein grundig prat om nokre av dei mest krevjande spørsmåla i norsk økonomi og næringspolitikk. Der vart han utfordra på både formuesskatt og oppkjøp av norske bedrifter – tema som vekkjer sterke meiningar og uro mange stader i landet.