Langsvegen.no

Podkast: Øystein Rudi frå Skammestein. -Han køyrer, skrur og ler, og kjenner kvar sving frå Beito til Sjodalen

På verkstaden til Beitostølen Maskin og Transport A/S er det både liv og latter når Øystein Rudi frå Skammestein i Øystre Slidre tek imot Langsvegen.no og Roy Myrland til ein triveleg prat i podkasten «Langs Vegen No». Takk til Lodge 900 Beito Resort @montér storefoss for anonsestøtte til denne podkasten. Øystein er ein kar som har hatt hendene fulle heile livet – med både landbruk, maskinar og transport av folk og masse. Humøret

Store mengder fjell skal knusast og flyttast.

Fjellfolket får større parkeringsplass langs vegen– takka vere hardt arbeid og tunge lass i høgfjellet. Det skjer både øst og vest for fylkesgrensa på fv. 52 mellom Tyin og Årdal. To av dei som sørger for det er lastebilsjåfør Øystein Rudi (til venstre) og formann på prosjektet Håkon André Onstad Evensen på biletet over. TYIN (Langsvegen.no): Gravemaskinar, lastebilar og knuseverk går for fullt ved bergnabben, der vegen svingar seg nordover

Sara’s Mat i Ryfoss opna nye lokale – ein varm og god møteplass i Valdres.

Etter ti år bak grytene har no Sara Siwarmalka  opne dørene til splitter nye lokale for Sara’s Mat – midt i Ryfoss sentrum, like ved E16. Det skjedde under stor festivitas laurdag 27. september. Takk til Valdresskigard Møbelringen Fagernes As og Peppes Pizza på Beitostølen for annonsestøtte til denne artikkelen. – Det kjennest heilt utruleg. Tenk at den vesle kafeen vi starta i 2015 no har blitt noko så stort, seier ho til

Hos Byggtorget Fosheim Sag i Røn i Valdres er det full fart om dagen, sjølv om vinteren så vidt har vært på besøk i dalføret. Den store byggevarebutikken er eit fast stopp for både proffar og privatkundar – her finn ein det meste som trengst til hus, hytte og heim. Frå små skruar og isolasjon til store materialpakkar for hyttebygg og renovering. Ute på plassen ved Byggtorget Fosheim Sag står dagleg leiar Eivind Fosheim og medarbeidar Jon Magnus Øien (biletet over) klare med endå ei stor materialpakke som skal sendast ut. Dei sjekkar at alt er stroppa godt saman og klart for transport, slik at ingenting får skade på vegen. Om få timar er pakken på veg til ei ny hytte oppe på åsen – eit sikkert teikn på at byggjelysta i Valdres framleis er på topp, sjølv om vinteren bankar på døra. – No går det mest i konstruksjonsvirke, forklarar Eivind Fosheim. – Snøen har lagt seg i høgda, og mange snekkarar og byggmeisterar jobbar på spreng for å få tette tak og vegger før meir snø og kulde kjem for alvor. Også Henrik Skattebo, dagleg leiar i Byggmester Ranheim, håpar vêrgudane held att litt til: – Me har fleire prosjekt som vi helst vil ha tett tak på før snøen kjem, fortel han til Langsvegen.no. Det er med andre ord travle dagar hos Byggtorget Fosheim Sag i Røn, og både hyttebyggarar og handverkarar gjer sitt for å halde byggjetempoet oppe i Valdres.

Hos Byggtorget Fosheim Sag i Røn i Valdres er det bra fart om dagen, sjølv om vinteren så vidt har vore innom dalføret. Takk til Valdres Bakst As Vaset Skiheiser og Beitostølen Helsesportsenter for annonsestøtte til denne artikkelen.  Den store byggevarebutikken i Vestre Slidre kommune er eit fast stopp for både proffar og privatkundar – her finn ein det meste som trengst til hus, hytte og heim. Frå små skruar og isolasjon til store materialpakkar

Ny plate og podkast med Caroline Synvis som fortel i Langs Vegen No.

 ­Det blir stas på Fagernes 5. september! -Då kjem Caroline Synvis frå Vestre Slidre med ny plate. Lørdag 6. spelar ho konsert i Trykkeriet. I podkasten Langs Vegen No fortel Caroline meir om seg sjølv, bakgrunnen sin, og opplevingane som har forma musikken hennar. Samtalen med Roy Myrland gir eit nært og personleg bilete av kven ho er – og kvifor musikken hennar treff så mange. Høyr her: Caroline Synvis

Verdig vinnar av Gjendeprisen 2025.

–Det å glede andre er ei stor glede for meg. Du får mykje attende om du ofrar deg litt ekstra for andre, seier Kjell Helge Løkken (84) frå Vågå (biletet over). Han vart tildelt Gjendeprisen 2025 av Bernt Jo Vole (biletet under), under Gjendefestivalen.  Kjell Helge er ein mann som heile livet har bidrege med omsorg, engasjement og skaparglede til både bygda si og dei rundt seg, ofte i det

Kom til Lom!

Måndag 18. august kl. 09.00 ringer det inn til første skuledag ved Jotunheimen Privatistskule i Lom – då vert snora klipt (sjå og høyr meir i videoen)! Biletet over: Bård Hoksrud (Frp) støttar og heiar på Jotunheimen Privatistskule, TAFI og Hanna Gjeilo Skjåkøygard. Stig Vaagan (V) er 1. kandidat til Stortinget for Hedemark valgkrins, og stemde mot fleirtalet i Fylkestinget i Innlandet då den vidaregåande skulen i Lom vart lagt

Mjølka går i røyr fra jur til kjøletank i mjøkestallen.

Lena Lisjordet frå Røn (biletet over) er ei kvinne du raskt kan omtale som ein skikkeleg valdresjente og «Superwoman». Som ein av TINE eigarane har ho og full kontroll på fjøsstell, fire ungar, stølsgjester, fulltidsjobb mellom fjøsstella– og ikkje minst Landbruksdagen på Valdres Folkemuseum, og  Stølsfestivalen på Rensenn. Midt i kveldsmjølkinga, omgjeve av lukta av nyslått høy, fargerike veggmaleri og lyden av fornøgde kyr, møtte redaktør Roy Myrland henne i

Anne Matie Kvien (5. Juli 1947-8.juni 2025)

Minneord om Anne Marie Kvien av healer Hugo Stenberg og Roy Myrland, redaktør i www.langsvegen.no Anne Marie Kvien sovna stille inn 8. juni. Ho vart 77 år gamal. Eit varmt og levande menneske har gått bort, og mange kjenner på saknet – ikkje minst her heime i Valdres, der ho hadde sine røter. Anne Marie bar bygda med seg i hjartet, sjølv om ho budde i Oslo. Det høyrdest i

8. mai. -Tale og korsong på Valdres Folkemuseum.

Her kan du sjå heile talen som ordførar Knut Arne Fjelltun i Nord-Aurdal kommune heldt på Valdres Folkemuseum 8. mai. Med alvor og varme sette han ord på kvifor vi markerer denne dagen. På slutten av videoen syng Nord-Aurdal songlag første verset av «Ja, vi elsker» – ei verdig avslutning på ei viktig stund. Videoen er produsert av Langsvegen.no, med støtte fråBrun Bygg A/S,Beitostølen Helsesportsenter,Valdresbakst ogHovrud Maskin.