– No hastar det å satse om Vang skal sikre arbeidsplassar og bedrifter.
Planane om ei gondol frå Tyinkrysset til Skørsnøse i Vang i Valdres fekk ikkje den draumestarten initiativtakarane hadde håpa på då kommunestyret behandla spørsmålet om støtte i vår. Kampen er likevel langt frå over. Arve Wangensten (biletet over) og fleire av dei fremste verdiskaparane i Vang meiner gondolen kan bli eitt av dei viktigaste framtidsprosjekta for kommunen – ikkje først og fremst for turistane si skuld, men for å sikre

