Nordre Land

Podkast: Arvid Evanger – Væla går vidare», ein varm og sterk prat om livet, menneska og orda. I Vikeså i Rogaland møtte vi forfattar og poet Arvid Evanger til ein nær, varm og sterk samtale om det 86 årige livet hans – slik det faktisk har vore. Praten går frå flukta frå nord og oppveksten på Dokka, til den sterke tilknytinga til Valdres, menneska vi møter og korleis vi eigentleg er med kvarandre. Vi er innom losjelivet og dei mange åra i Odd Fellow, og sjølvsagt også rakfisken – Arvid er administrator for Facebook-gruppa «Rakfiskens venner». Og så er det orda. Bøkene, dikta, historiene og erfaringane som har fått plass på papiret. Arvid Evanger, fødd i 1940 og busett i Vikeså, har skrive både for barn og vaksne, og er i 2026 aktuell med diktsamlinga «Væla går vidare». Det vart latter, alvor, minne, litt rakfisk og mange gode tankar undervegs då Arvid Evanger sette seg ned til podkastprat med redaktør Roy Myrland i Langs Vegen No. Rett og slett ein samtale om det som kanskje betyr aller mest: menneska, livet – og korleis vi er med kvarandre.

I Vikeså i Rogaland møtte vi forfattar og poet Arvid Evanger til ein nær, varm og sterk samtale om det 86 årige livet hans – slik det faktisk har vore. Praten går frå flukta frå nord og oppveksten på Dokka, til den sterke tilknytinga til Valdres, menneska vi møter og korleis vi eigentleg er med kvarandre. Vi er innom losjelivet og dei mange åra i Odd Fellow, og sjølvsagt også