Opplandsbenken

Stortingrepresentant Anne Lise Fredlund (SV) – tett på Valdres og rask til å ta tak For mange i Valdres er stortingsrepresentant Anne Lise Gjerstad Fredlund (SV) ein viktig kontakt inn mot Stortinget. Biletet over: Anne Lise Gjerstad Fredlund (SV) har gjennom stortingsperioden halde nær kontakt med Valdres. Då uroa rundt Lærdalstunnelen kom på bordet, tok ho saka raskt vidare. Einstor takk til Rørleggermester Svein Olsen & Sønner AS, VYRK AS, Valdres Bakst AS og Montér Storefoss for viktig annonsestøtte til Langsveien.no. Støtta er med på å gjere det mogleg å vere tett på folk, næringsliv og hendingar i Valdres. -Anne Lise Fredlund representerer Oppland og har gjennom perioden vore tett på både små og store saker frå regionen. Når både bedrifter og folk på grasrota tek kontakt, lyttar ho – og handlar. Det merkar ein også i saka om den planlagde nattestenginga av Lærdalstunnelen. Det er stor forståing for at Statens vegvesen må gjennomføre eit omfattande og nødvendig arbeid i tunnelen. Men stengetid klokka 18.00 fredag kveld kan bli krevjande for reisande frå Bergen og Vestlandet som skal vidare til Filefjell, Valdres og Hemsedal. Næringslivet fryktar færre helgebesøk og lågare omsetning, i område der korte og snøfattige vintrar allereie gjer arbeidsplassane sårbare. Tok tastaturet fatt Kjell Magne Kvale ved Kvismo Sag i Vang tok kontakt med Fredlund på vegner av næringsdrivande som er uroa for konsekvensane. Svaret kom raskt. Fredlund henta inn meir informasjon og tok saka vidare til samferdselsministeren, med spørsmål om stengetida fredag kveld kan justerast. To timar kan bety mykje Forslaget frå næringslivet er enkelt: Kan stengetida fredag forskyvast med rundt to timar? Tanken er ikkje å redusere arbeidstida i tunnelen, men å forskyve heile arbeidsvindauget slik at tunnelen også opnar tilsvarande seinare morgonen etter. For dei reisande kan to timar vere avgjerande. For næringslivet kan det bety fleire gjester og tryggare arbeidsplassar. – Vi treng fleire som henne, seier Kjell Magne Kvale etter den raske responsen.

Stortingsrepresentant Anne Lise Fredlund (SV) var rask til å reagere då Kjell Magne Kvale ved Kvismo Sag i Vang tok kontakt på vegner av næringsdrivande som fryktar konsekvensane av den tidlege nattestenginga av Lærdalstunnelen. Biletet over: For mange i Valdres er stortingsrepresentant Anne Lise Gjerstad Fredlund (SV) ein viktig stemme og kontakt inn mot Stortinget. Artikkelen held fram etter brevet. Ein stor takk til Rørleggermester Svein Olsen & Sønner AS,