Øystre Slidre Ungdom

Den årlege skidagen til Øystre Slidre Ungdomsskule har atter ein gong vore ein suksess.

  Totalt 72 elevar stilte til start på skituren frå Beitostølen til Valdres Skisenter i Skrautvål. Sjølv om det berre er pålagt for elevar som tek valfaga friluftsliv eller fysisk aktivitet og helse å delta på skidagane, var det mange friviljuge som ønskte å bli med på heile eller delar av den 50 km lange skituren. Ved Yddin Fjellstue avslutta fleirtalet turen etter matpausen der, men den «harde kjernen» heldt