Podkast

For 16 år sidan stod Margit Sandemo og Joralf Gjerstad på scena i Spikersuppa i Oslo og fortalde ope om liva sine, bøkene sine og dei spesielle evnene dei begge meinte hadde følgt dei gjennom livet. Ei stor folkemengd stod musestille og lytta. No er støyen fjerna frå videoopptaket Roy Myrland gjorde 18. september 2010, og det unike møtet kan høyrast på nytt – som podkast på «Langs Vegen No» på Spotify. I 2010 gav Margit Sandemo ut sjølvbiografien «Livsglede – en selvbiografi», medan Joralf Gjerstad same året kom med «Den gode kraften – Snåsamannens egen historie». Den 18. september same året møttest dei to på scena i Spikersuppa i Oslo, der dei vart intervjua av Anette Orre. Framfor scena hadde det samla seg ei stor folkemengd. Midt i Oslo sentrum stod folk tett – og nesten musestille – medan Sandemo og Gjerstad fortalde om bøkene, liva sine og opplevingane som hadde forma dei. Dei fortalde òg om evnene dei sjølve opplevde å ha, og om korleis desse hadde påverka både liva deira og møta med andre menneske. Roy Myrland gjorde videoopptak av samtalen den gongen. Opptaket bar naturleg nok preg av bakgrunnsstøy frå ei utandørsscene midt i Oslo. No, 16 år seinare, har Thierry Gschwind og Roy Myrland gått gjennom opptaket og gjort ei omfattande lydvask. Store delar av bakgrunnsstøyen er fjerna, slik at stemmene og historiene kjem langt tydelegare fram. Resultatet er eit historisk tilbakeblikk på to sterke, varme og heilt særeigne personlegdomar som på kvar sin måte sette djupe spor etter seg – slik dei sjølve fortalde om liva sine i 2010. Podkasten kan høyrast på «Langs Vegen No» på Spotify. Dei bearbeidde videoopptaka ligg òg ope tilgjengelege på YouTube. Her er eit godt sett du kan bruke: Margit Sandemo, Joralf Gjerstad, Snåsamannen, Margit Sandemo intervju, Joralf Gjerstad intervju, Oslo Bokfestival 2010, Spikersuppa Oslo, Langs Vegen No, Roy Myrland, Thierry Gschwind, Anette Orre, Livsglede, Den gode kraften, Snåsamannens historie, podkast, norsk podkast, Spotify podkast, YouTube intervju, historisk intervju, alternativ spiritualitet, healing, forfattarintervju #MargitSandemo #JoralfGjerstad #Snåsamannen #LangsVegenNo #RoyMyrland #ThierryGschwind #AnetteOrre #OsloBokfestival #Spikersuppa #Livsglede #DenGodeKraften #Podkast #SpotifyPodkast #NorskPodkast #YouTube #HistoriskIntervju #Forfattarintervju #NorskKultur

Denne podkasten handlar om to heilt unike menneske som på kvar sin måte har betydd ufatteleg mykje for hundretusenvis av menneske. Margit Sandemo gjennom forteljingane sine, som har rørt, fascinert og følgt lesarar gjennom fleire generasjonar, og Joralf Gjerstad gjennom dei heilt spesielle evnene sine og den varme omsorga han viste menneska han møtte. Begge har òg vore ein del av livet mitt, og har sett spor som eg ber

Podkast: Kongens mann i Rogaland, er og styreleiar på Beitostølen.

Bent Høie har stått i mange krevjande val gjennom eit langt liv i politikken. I denne podkasten fortel den tidlegare helseministeren og noverande statsforvaltaren i Rogaland om avgjerdene som kosta, om engasjementet for menneske med funksjonsutfordringar – og om kvifor enkelte laaaange ord framleis kan vere ei utfordring å få heilt rett ut. Høie er også styreleiar ved Beitostølen Helsesportsenter, og gjennom dette har han fått eit nært forhold til

Podkast: Arvid Evanger – Væla går vidare», ein varm og sterk prat om livet, menneska og orda. I Vikeså i Rogaland møtte vi forfattar og poet Arvid Evanger til ein nær, varm og sterk samtale om det 86 årige livet hans – slik det faktisk har vore. Praten går frå flukta frå nord og oppveksten på Dokka, til den sterke tilknytinga til Valdres, menneska vi møter og korleis vi eigentleg er med kvarandre. Vi er innom losjelivet og dei mange åra i Odd Fellow, og sjølvsagt også rakfisken – Arvid er administrator for Facebook-gruppa «Rakfiskens venner». Og så er det orda. Bøkene, dikta, historiene og erfaringane som har fått plass på papiret. Arvid Evanger, fødd i 1940 og busett i Vikeså, har skrive både for barn og vaksne, og er i 2026 aktuell med diktsamlinga «Væla går vidare». Det vart latter, alvor, minne, litt rakfisk og mange gode tankar undervegs då Arvid Evanger sette seg ned til podkastprat med redaktør Roy Myrland i Langs Vegen No. Rett og slett ein samtale om det som kanskje betyr aller mest: menneska, livet – og korleis vi er med kvarandre.

I Vikeså i Rogaland møtte vi forfattar og poet Arvid Evanger til ein nær, varm og sterk samtale om det 86 årige livet hans – slik det faktisk har vore. Praten går frå flukta frå nord og oppveksten på Dokka, til den sterke tilknytinga til Valdres, menneska vi møter og korleis vi eigentleg er med kvarandre. Vi er innom losjelivet og dei mange åra i Odd Fellow, og sjølvsagt også

Podkast. -Korleis kan biokull gi betre jord Olav Amund Lie?

  Kva har kol, jord, klima og frodige tomatplanter til felles? Meir enn du kanskje trur. Jorda er noko av det viktigaste vi har. Ho gir oss maten vi et, bind karbon og er sjølve grunnlaget for livet rundt oss. Dei fleste ønskjer å overlate jorda til neste generasjon i minst like god stand som då vi tok over – og aller helst litt betre. Det er nettopp dette som

Podkast: – Odd Nordstoga blir ikkje kvitt lidinga si.

Ein varm podkastprat med Odd Nordstoga, og fotoserie frå Trollrock (lenke nederst i artikkelen her). Ei stor takk til Hageland Gjennestad, Byggtorget Fosheim Sag, #Valdrestømmer og Nerstad Tuft Transport AS for verdifull annonsestøtte til denne podkasten. Det er takka vere slike samarbeidspartnarar at Langsvegen.no kan halde fram med å formidle historier om menneske, kultur og opplevingar. Har du høve, oppmodar vi deg gjerne til å støtte dei som støttar lokal

Podkast. -Trollbatt heimepublikummet på Trollrock

No kan du bli betre kjend med «Ejlis» i podkasten. Etter «Ejlis» sin konsert på Trollrock møtte redaktør Roy Myrland i «Langs Vegen No» Silje Brekke Veltun – betre kjend som «Ejlis» – til ein podkastprat backstage. Den dyktige artisten frå Rogne i Øystre Slidre fortel om gleda ved å stå framfor heimpublikummet, kvifor ho syng på dialekt, korleis eigne opplevingar mellom det urbane og det rurale blir til musikk,

Podkast. -Bjarne Brøndbo på Trollrock.

Podkast og fotoserie.  -Jubelen hadde så vidt lagt seg etter D.D.E. sin forrykande konsert på Trollrock laurdag 25. juli, då redaktør Roy Myrland i Langs Vegen No fekk ein hyggeleg prat med Bjarne Brøndbo backstage. I podkasten fortel han om møtet med publikum og kva som framleis driv eit av Noregs mest folkekjære band. Biletet: Bjarne Brøndbo fekk Valdresrosa til nøkkelknippet sitt frå Roy Myrland i Langsvegen.no

Podkast: Kva har ein skihoppar på hoppkanten og ein kunstmålar framfor lerretet til felles?

Podkasten finner du lenger ned i artikkelen, for først: Ei stor takk til  Valdres Brannkasse og GG13 på Fagernes, Fossen Camping, Fagernes, MENY Søndersrød i Helgeroa, Trio Elektro AS og Kollstad Lakk og Sandblåsing for at de bidreg til å gjere det mogleg å produsere podkastar og innhald frå Valdres og elles langs vegen. Støtta dykkar betyr mykje, og me set stor pris på både samarbeidet og tilliten. Kunstmålar Ivar Andreas

Podkast: Historia om Telavåg – fortald av Jenny Heggvik

I denne episoden av Langs Vegen No-podkasten fortel museumsleiar Jenny Heggvik til Roy Myrland om tragedien som råka Telavåg våren 1942, då bygda vart utsletta av okkupasjonsmakta. Ho skildrar også kva som hende med telavågingane i åra etterpå, då heimane var borte og eit heilt lokalsamfunn måtte byggjast opp att. https://www.instagram.com/reel/DZrTmRWS16g/?igsh=YzZnb2Q0Ym56Y2l3

Podkast. -Bur i den venaste bygda og er kjøkkensjef der mat er ein viktig del av rehabiliteringa.

Aller først. -Klikk på biletet under og abonner fjerne. I denne episoden av «Langs Vegen No» podkasten på Spotify blir det både latter, matprat og gode historier frå ei dame som verkeleg kan kunsten å lage skikkeleg god mat – helst med så mykje lokale råvarer som mogleg. På den andre sida av bordet sit nemleg Line Holar Onstad, jenta frå Ski som starta reisa si ved kokk- og stuertskulen