Trollrockfamilien

Slåttekarad'n Trond og Sigmund førebur Trollrock med rive.

For 15. året på rad ønskjer Trond Rogne velkomen til Trollrock på Beitostølen. Festivalen har vakse seg stor, men éin ting har ikkje endra seg: Det er dei frivillige som er sjølve hjartet i arrangementet. Ei stor takk til Nesjar A/S, SPAR Beitostølen, Visit Gjende og Fjellvang Transport for verdifull annonsestøtte til denne artikkelen. Dei er med og gjer det mogleg for Langsveien.no å fortelje historiene om menneska, bedriftene og

I denne episoden av Langs Vegen No-podkasten møter redaktør Roy Myrland ein ekte festivalhelt: Trond Rogne frå Øystre Slidre – lokalpolitikar, kulturentusiast og drivkrafta bak Trollrock på Beitostølen. Som eldsjel i både politikken og festivalverda, har Trond vore ein samlande figur i Valdres i mange år. Takk til Montér Storefoss, Peppes Pizza, Beitostølen og Rørlegger Brager for annonsestøtte til denne episoden. Pokastepisoden blei spelt inn på sjølve festivalområdet – medan rigging, lydsjekk og førebuingar gjekk for fullt. Det gjev intervjuet ein heilt spesiell puls og nærleik til festivalstemninga! Han deler openhjarta om livet sitt – frå oppveksten til dagens utgåve av Trollrock – om tilliten til dei frivillige i den legendariske #Trollrockfamilien, og kvifor det er viktig å ha folk med hjartet på rette staden. No har han òg lært noko nytt: å setje grenser – og å seie nei når det trengst. Ein varm og inspirerande samtale med ein klok mann som brenn for både musikken og menneska rundt seg. #Trollrock #TrondRogne #ØystreSlidre #Trollrockfamilien #FestivalValdres #NynorskPodkast #Frivillighet #Kulturhelt #Beitostølen Langs Vegen No. -Ein podkast frå nettavisa www.langsveien.no og Roy Myrland.

I denne episoden av Langs Vegen No-podkasten møter redaktør Roy Myrland ein ekte festivalhelt: Trond Rogne frå Øystre Slidre – lokalpolitikar, kulturentusiast og drivkrafta bak Trollrock på Beitostølen. Som eldsjel i både politikken og festivalverda, har Trond vore ein samlande figur i Valdres i mange år. Takk til Montér Storefoss, Peppes Pizza, Beitostølen og Rørlegger Brager for annonsestøtte til denne episoden. Pokastepisoden blei spelt inn på sjølve festivalområdet – medan