1000 år sidan Valdres vart kristna.

1000 år sidan Valdres vart kristna.
Soga seier at Valdres vart kristna i 1023.
Skrautvål kyrkje på bilete over. Elementer frå den gamle stavkyrja som var i bygda, er gjenbrukt her. 
«Med eld og med magt vart Valdres kristna» Kong Olav var ein flittig emmisær, og fekk det som han ville. Der det hadde stått gudehov kom det opp kyrkjer. Kyrkja kom til å få stor betydning. Den var vern mot dei vonde maktene. Vi var analfabetar. Den fyrste boka kom ikkje før 1519.
Stavkyrkjene kom opp frå rundt 1320. Sjølv om folketalet var mykje mindre enn no , så kom talet opp i 26 ,- og kanskje 12 til.
Verdensbilete var at vi held til på jordskiva. Over var himmelen ,og under var helvete.
Kyrkja var ikkje fritidskyrkje som i dag. Det var 8 tidebøner i døgnet. Kyrkjene vart rikt dekorert. Ingenting var tilfeldig. Bilder og inventar fortalde historier.
I Skrautvål krets var det kapell på Sørhus ,eit på Døvre ,- og stavkyrkje i Åbolsjordet.
Bilete over er av måleriet til Sigmund Årseth og heiter «Kyrkjeporten» . Frå Lomen stavkyrkje.
Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

one × three =