Meld deg på treningsleir for gamerar 3.-7. juli.

Meld deg på treningsleir for gamerar 3.-7. juli.
Nettverket E-sportsenter (NE-S) arrangerer sumarcamp for unge gamerar. Målet er å bygge miljø og etablere eit organisert e-sporttilbod ved det nyetablerte senteret ved Heggenes.

3-7. juli denne sumaren blir det sumarcamp for unge og lokale gamerar i Valdres. NE-S og Ungdomsklubben i Øystre Slidre har fått støtte frå Gjensidigestiftelsen til GC23 – ei sosial aktivitetsveke med utgangspunkt i gaming og e-sport for born og unge frå 5-10. klasse.

Målet med veka er å etablere nye e-sportlag ved senteret, med fokus på lagbygging gjennom samarbeid og ulike sosiale aktivitetar. Campen går frå måndag til fredag, frå kl.08.00-16.00 kvar dag. Det er plass til 14 deltakarar, der campen er gratis for dei som deltek. Dei som ynskjer å vere med, må søkje plass via eit søknadsskjema ein finn på NE-S sine facebooksider, og kommunen sine heimesider. Påmeldingsfristen er 29.mai.

Treningsleir for gamerar
Programmet for veka vil bli spikra i starten av juni, når påmeldingsfristen er ute.
-Intensjonen er å legge opp til eit vekesprogram der me etablerer dei ulike laga måndag morgon, og der dei i fellesskap skal jobbe saman heile veka med å utvikle eit sosialt og profesjonelt grunnlag for vidare satsing innan e-sport, fortel Øystein Skattebu, ungdomskonsulent i Øystre Slidre.
-Me legg opp til at om lag halve programmet skal bestå av gaming, der resten av tida vil bestå av kurs, felles frukost og lunsj, samt andre fysiske lagaktivitetar som paintball, boblefotball, stolpejakt og.l. Hovudpoenget er at det skal vere sosialt og inkluderande, og at alt skal handle om samarbeid.

Play – evolve – belong
NE-S har jobba på dugnad i heile vinter, med å gjere lokala i tidlegare Tingvang barnehage ved Heggenes til eit e-sportsenter. Det vil ta litt meir tid å bli heilt ferdige, men grunnlaget for å starte opp med organisert gamingaktivitet er godt etablert.
-Senteret har per i dag eit dedikert rom for e-sport, ei avdeling for SimRacing, Farming Simulator, og ei eiga sone for chill sosial sofagaming. NE-S har som hovudføremål å vere ein sosial arena for gaminginteresserte i alle aldrar, som jobbar etter visjonen «play – evolve – belong», eller spel, utvikling og tilhøyrigheit, fortel Skattebu.

Ein million i støtte
Senteret er realisert med økonomisk støtte frå ulike stiftingar og lokale støttespelerar. I førre veke fekk senteret tilsagn om treårig støtte til drift frå Bufdir, med ei ramme på om lag 230.000 kr, som vil sikre drift i ei periode på tre år. -Totalt sett har me vel fått i overkant av 1 million kroner til prosjektet, seier Skattebu.

Senteret er drive av foreininga NE-S på frivillig grunnlag, med eit styre på sju personar. Per i dag tilbyr dei faste opne gamingkveldar på torsdagar. Målet er å utvide med faste aktivitetar fleir kveldar i veka, for ulike lag og aldersgrupper. Det vil og bli faste tilbod gjennom heile sumaren. Senteret ynskjer alle som vil vere med på dette velkomne, også foreldre og andre som ynskjer å vere med som vakter eller bidra med tilrettelegging for aktivitet.

Sumarjobb for ungdom
Ungdomen og dei unge brukarane har stått i sentrum for utviklinga av NE-S heilt frå starten.
-Det er viktig for oss at ungdomane får ansvar og utviklar eit eigarforhold til senteret, slik at dei kanskje tek initiativ til å skape innhald og drive senteret på sikt. Styret består mellom anna av tre ivrige tenåringar, fortel Skattebu.

I samband med GC23 lyser kommunen ut sumarjobb til tre ungdomar frå 16-18 år, som aktivitetsleiarar ved gamingcampen. Dei vil få medansvar for planlegging og gjennomføring av opplegget, der eit eige trenarkurs er ein del av førebuingane. Søknadsfrist for sumarjobb på GC23 er 29.mai. Søknadskjema finn ein kommunen sine heimesider.

Alle foto: NE-S

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

five + two =