«Klin gærne» pensjonistar!

Foran sitter instuktør Anne Grethe Fjelltun. Første rekke frå venstre: Bjørn Gunnar Myhre, Inger Moe, teaterleder Berit Hyseth Østlund,  Inger Cathrine Aastveit. Bakerst frå høgre: Dag A. Klæbo, Mona Christin Hoverud og Erik Bergan.

Melleheim Ungdomslag i Rogne er i full sving med førebuingar til premieren av komedien «Kollektivet» på 17. mai.

Øvingane har pågått sidan januar, med intensiv innspurt i april og mai. Med instruktør Anne Grethe Fjelltun ved roret, er dei dyktige skodespelarane i ungdomslaget klare til å glede og underholde publikum, både frå Øystre Slidre og dei som kjem litt lenger frå.

Foran sitter instuktør Anne Grethe Fjelltun. Første rekke frå venstre: Bjørn Gunnar Myhre, Inger Moe, teaterleder Berit Hyseth Østlund,  Inger Cathrine Aastveit. Bakerst frå høgre: Dag A. Klæbo, Mona Christin Hoverud og Erik Bergan. 

«Kollektivet» handlar om ei gruppe kreative og til tider «klin gærne» pensjonistar som bur saman og prøver å skaffe ekstra inntekter på ulike måtar. Forviklingar og komiske situasjonar er sentrale element i stykket, som garantert gir god underhaldning og solide latterkuler til publikum.

«Kollektivet» blir spelt  17., 19., og 22. mai, kl. 19.30 alle dagar, på Solhaug i Rogne. Tinging av billettar på tlf 911 23 224 eller 90182548

Stig Aastveit har rollen som Vår Herre på Solhaug. Han "lar det bli lys" som lysteknikker på bakerste benk.
Stig Aastveit har rolla som Vår Herre på Solhaug. Han «lar det bli lys» som lysteknikkar frå bakerste benk.

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

1 × two =