Klar for latter og forviklingar på Solhaug frå 17. mai!
Melleheim Ungdomslag i Rogne i Øystre Slidre, inviterer til ny runde med teatermoro når dei set opp farse på Solhaug – denne gongen med stykket «Gå og legg deg!». Framsyninga har premiere 17. mai og vert spela fleire gonger utover våren.
Gjengen har øvd sidan januar og gjev no siste finpuss før premierekvelden. Stykket er ein klassikar dei henta fram att frå 21 år tilbake, men no med ny vri og nesten heilt ny besetning. Handlinga er lagt til ei landleg villa på 1920-talet, og som seg hør og bør i ei god farse, kan publikum vente seg mykje humor, snodige situasjonar og ei rekkje overraskingar.
Det er berre å glede seg – dette blir garantert moro!
Følg oss eller del innholdet med vennene dine: