Frukt

Skrekkbeskjed til alle barn!!- Nå er rosenkål i sesong

Det er ingen grønnsak som får barn til å rynke mer på nesen enn rosenkål. En fersk undersøkelse avslører nemlig at de grønne, små kålhodene troner øverst på listen over grønnsakene det er vanskeligste å få barn til å spise. – Hele 66 prosent av foreldrene svarer at det er vanskelig å få barna til å spise rosenkål. Bare 14 prosent mener det er enkelt, mens de resterende 20 prosentene

Det er ekte agurknytt i denne podkasten med Aslaug Joa (biletet over) frå Norsk Agurk A/S på Sola. Ho dyrkar noko vi til dagleg kallar ei grønsak, men som eigentleg er ein frukt – om vi spør botanikkarane. Ein stor takk til Nesjar Produkter – kryddersmør. Monter Storefoss, byggmarknad, og MENY Søndersrød daglegvarebutikk for støtta til denne podkasten! Artikkelen held fram under podkasten, som er produsert av redaktør Roy Myrland i lokala til Norsk Agurk A/S på Sola. I drivhusa til Aslaug er det verkeleg «mykje lys og mykji varme». Det må til når ein skal levere 15 prosent av alle agurkane i landet. Her er lyset på 20 timar i døgnet, medan plantene får fire timar natt for å kvile seg. Resultatet? Om lag 30 000 agurkplanter som strekk seg mot lyset kvar einaste dag, med det som resultat at 80 tonn leverast til Gartnerhallen fra det 20 000 m2 drivhusanlegget på Sola. Aslaug vaks sjølv opp med agurkproduksjon. Mor og far hennar starta opp på 80-talet, og i dag driv ho familiebedrifta vidare saman med produksjonssjef Kjetil Sola (til venstre på biletet over) og 30 kollegaer som verkeleg bryr seg om jobben sin. I dei 11 drivhusavdelingane er det presisjon i kvart einaste steg: Plantene står ikkje i jord, men i steinull, og får vatn og næring porsjonert heilt nøyaktig. Skulle noko skjære seg, kan éi avdeling stengjast og reingjerast utan at resten av produksjonen stoppar. – Agurken er litt spesiell, smiler Aslaug. – Ho treng verken humler eller bier, for blomsten pollinerer seg sjølv. Til gjengjeld har vi nyttedyr som gjer jobben med å halde småkryp unna. Etter tolv veker er planta klar, og då leverer ho agurkar på idealvekta 340 gram – gong etter gong. I denne podkastepisoden av Langs Vegen No fortel Aslaug om både lys, varme og kvardagen i drivhuset – og kva som ligger bak at fellesskapet i bedrifta i 2025 vart tildelt Skjalgssonprisen av Sola kommune. Skjalgssonprisen er ein årleg pris for næringsaktørar og næringsliv i Sola kommune Neste gong du plukkar ein agurk i butikken, sjå etter den vesle teksten: «Produsert av Norsk Agurk A/S». Då veit du at det ligg både tradisjon, teknologi – og ikkje minst «mykji lys og mykji varme» – bak.

Endeleg ekte agurknytt! I denne podkasten møter du Aslaug Joa (biletet over) frå Norsk Agurk A/S på Sola. Ho dyrkar noko vi til dagleg kallar ei grønsak, men som eigentleg er ein frukt – om vi spør botanikkarane. Artikkelen held fram under podkasten, som er produsert av redaktør Roy Myrland i lokala til Norsk Agurk A/S på Sola. Ein stor takk til Montér Storefoss Nesjar AS og Meny Søndersrød, Helgeroa for annonsestøtte til

Videoprodusent og frittstående kjøpmann med sydenfrukter og langreist "lokalmat" i butikken.

Vest for brua i Fagernes, holder Kocher Zear Naif (bildet over) hus. Der på Skarpsno, driver den allsidige «kremaren» Valdres Frukt og Grønsaker a/s. -Det er muligens den frukt og grønt butikken, lang E 16 mellom Oslo og Bergen, som har best og størst sortiment. To ganger i uka er den arbeidsomme og dyktige frittstående kjøpmannen på Økern i Oslo. I Tigerstaden fyller han varebilen med frukt og grønt, pluss