Frå shorts te stillongs på ei veke – no er det den grønne vinteren som rår i Valdres!
Jau, det går no an! Førre veke låg folk og svetta i solveggen i Valdres, og det var shorts, solkrem og is på menyen. Men no, tredje veka i mai, har me dratt fram att både stillongs og ullsokkar. Det er som om vinteren fekk ny giv – berre at no spirer det i bakken, og det er grønt så langt auget rekk. Difor kallar me det «den grønne vinteren».