værmelding

No kom væromslaget – og jammen vart det kvitt oppe på åsen ei lita stund

Etter mange veker med sol frå blå himmel og temperaturar som fekk oss til å tru at mai hadde blitt ein sommar­månad, kom omsider væromslaget. Dei første regndropane har gjort sitt inntog over Sør-Norge – og her i Valdres fekk me i tillegg eit lite innslag av snøblanda sludd. I fjellet la det seg faktisk eit tynt, kvitt lag i morgontimane, men det smelta bort like fort som det kom.