Åtte gull til kurvprodusentane under Valdresgildet – sjå utdelinga av diplomane.
Kåringa av Valdres si beste kurv 2026 enda med ein imponerande gullfest. Heile åtte produsentar fekk gullmedalje for dei tradisjonsrike spekepølsene sine, men éin produsent skilde seg heilt ut. Fagjuryen gav den aller beste kurva full pott – 40 av 40 moglege poeng. I denne videoen får du vere med når gullvinnarane blir heidra med diplom.






