Knut Aastad Bråthen ny leiar for Hilme.

Knut Aastad Bråthen ny leiar for Hilme.

Det er med stor glede at styret for Valdres Folkemusikkarrangement AS no kan fortelje at vi har tilsett Knut Aastad Bråten som ny dagleg leiar.

 

Knut tek over etter Ellen Persvold, som har site som leiar sidan 2016.

Det er ein festival i svært god forfatning Knut tek over. Hilme er landets eldste folkemusikkfestival og ein av hjørnesteinane i Festival-Valdres.

Økonomien er god og organisasjonen er stabil. Ein av grunnane til dette er det fantastiske arbeidet som Ellen Persvold har lagt ned. 

Knut Aastad Bråten har inngåande kjennskap til festivalen gjennom utallege år som frivillig medarbeidar i festivalapparatet. Han er også utøvar både innan spel og dans og kjenner folkemusikkmiljøet godt. 

Aastad Bråten har vore redaktør i Bladet Folkemusikk gjennom fleire år før han gjekk over til tidsskriftet Syn og Segn. Der sat han som redaktør til han vart henta inn som statssekretær i Kulturdepartementet i januar; ein jobb han valde å gå ut av.

Det gler oss stort å sjå at jobben som dagleg leiar for Hilme tiltrekkjer seg så mange profesjonelle og kvalifiserte folk. Søkjarlista heldt eit høgt nivå.

Knut Aastad Bråten har gjort seg mange gode tankar rundt korleis ein både kan ta vare på og utvikle Hilme. 

Styret gler seg og har stor tillit til at Knut vil løfte festivalen vidare inn i framtida.

Første desember tek han fatt på arbeidet i tospann med Frank Rolland, som er ansvarleg for Strunkeveko.


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

eight − two =