Enklare digital kvardag for ukrainske flyktningar i Noreg.

Enklare digital kvardag for ukrainske flyktningar i Noreg.
Øystre Slidre kommune har teke i mot mange ukrainske flyktingar (ca. 80 pers). Ein viktig del av arbeidet med integreringa er å ta i bruk digitale tenester.
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik fekk oppdatert informasjon om prosjektet under besøket 7. februar. 
 

Videobilete over frå venstre: Kommunal og disriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp). Tina Rosén, integreringskonsulent i Øystre Slidre kommune. Nina Olsen Munthe, Fung. avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet og Galina Oros, ukrainsk tolk i Øystre Slidre kommune.
Kommunen legg stor vekt på rask integrering, ei av oppgåvene er å skaffe norsk elektronisk ID.Digitaliseringsdirektoratet har fått i oppdrag frå regjeringa å tilbud elektronisk ID (eID) til ukraniske flyktningar i Noreg, slik at dei kan ta i bruk alle digitale tenester frå det offentlege. Løysinga kom på plass i fjor, så langt har meir enn 6000 flyktningar bestilt slik eID.Digdir besøkte Øystre Slidre i januar, der dei intervjua integreringskonsulent Tina Rosèn og eit par ukrainarar for å lage informasjonsmateriell retta mot kommunar, mottak og ukrainarar med det mål å få ut informasjon om eID-tilbodet.Informasjonsmateriellet er pulisert via kanalar frå Digdir, UDI og IMDI.

Informasjonsmateriellet om eID

Informasjonsmateriellet om eID er pulisert på digdir si nettside 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

1 × 2 =