Berit på Pynte.

Berit på Pynte.
Berit Skjefte frå Vang, er Berit på Pynte
Langeleiken er 500 år. 

Den eldste bevarte langeleiken i landet kjem frå garden Hasvoldseter på Vardalsåsen i Søndre Land og er frå 1524. Kvitvella Forlag markerer dette 500-årsjubileet med å gje ut boka «Beste harpespillerske, verdensberømt».

Boka handlar om den legendariske langeleikspelaren Berit Skjefte frå Vang. Berit på Pynte, som ho også vart kalla, livnærte seg på langeleikspel og sal av brennevin til gjester som reiste forbi på Kongevegen mellom Christiania og Bergen. Komponisten Edvard Grieg og folkemusikksamlaren Mathias Lindemann var blant gjestene, og dei skreiv ned musikken hennar. Berit vart ein landskjend artist, og ho er mellom anna portrettert av Erik Werenskiold. Om hausten brukte ho å reise på turné til Bergen, Sogn og Christiania og vart ein av samtidas store kjendisar innanfor folkemusikken.

Kvitvella Forlag inviterer alle som vil helsa Berit på Pynte og langeleiken ved 500-årsjubileet til å teikne seg på ei helsingsliste, Tabula Gratulatoria.

 Boka er skriven av journalist og forfattar Olav Norheim og blir lansert med eigen konsert under Jørn Hilmestemnet på Fagernes i juli.

Foto:
På langeleik: Berit på Pynte spelar langeleik for turistar som kom på besøk. Foto: K. Knudsen

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

4 × 3 =