Zitherman leverte frå øvste hylle på Skiferplassen under Byfesten Dei knakande bra karane frå Valdres imponerte med «fengande og spennande folkpop med el-zither og gode tekstar på valdresdialekt». Med Gunnar Rotevatn Dahlen (gitar/vokal), Rune Glimsdal (el-zither), Simen Motrøen (batterist), og Helge Løvoll (bass) leverte Zitherman ei minneverdig framføring. Dyktige musikarar, jordnære tekstar, og fine melodiar gjorde konserten til eit høgdepunkt!