No kom væromslaget – og jammen vart det kvitt oppe på åsen ei lita stund

No kom væromslaget – og jammen vart det kvitt oppe på åsen ei lita stund

Etter mange veker med sol frå blå himmel og temperaturar som fekk oss til å tru at mai hadde blitt ein sommar­månad, kom omsider væromslaget.

Dei første regndropane har gjort sitt inntog over Sør-Norge – og her i Valdres fekk me i tillegg eit lite innslag av snøblanda sludd. I fjellet la det seg faktisk eit tynt, kvitt lag i morgontimane, men det smelta bort like fort som det kom. Eit lite glimt av vinter midt i våren, rett og slett.

Det er kanskje lett å gløyma kor ustabil denne årstida eigentleg kan vera, når sola har steika i fleire veker i strekk. Men no kjem det altså litt fukt tilbake i lufta – og det er slett ikkje berre negativt.

Bøndene rundt omkring pustar letta ut. Etter langvarig tørke treng jorda sårt påfyll. Og for dei som har gått med ei uro for skogbrannfaren, er dette også etterlengta dropar. Prognosane seier at me kan venta oss meir smånedbør dei næraste dagane – akkurat passe til å halda marka fuktig og skogbotnen trygg.

Valdresflye melder Yr.no om kjølige temperaturar og skiftande vêr vidare utover veka, så det er berre å finne fram både regnjakka og ullstillongsen igjen – for sikkerheits skuld.

Våren i Valdres er ikkje alltid berre blomster og sol, men no får me i alle fall litt variasjon og ei velfortent pause frå tørken.

#værskifte #nedbør #sludd #snø #Valdres #mai2025 #skogbrannfare #landbruk #Norgevær #yrno #Valdresflye

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

11 − three =