I denne episoden av podkasten til Langs Vegen No møter du ingen ringare enn pølsemakar, kjøpmann og altmoglegmann Tore Solstad. Han og gjengen hans driv berre éin daglegvarebutikk – men du store tid, for ein butikk det er!
Denne episoden er produsert med støtte frå: @Beitostølen Resort, @Spar Beitostølen og @Meny Søndersrød
Midt på Brokelandsheia, i grenseområdet mellom Sørlandet og Austlandet, finn du eit lite handelseventyr av dei sjeldne. Før var det Gjerstad-kniven som sette bygda på kartet – no er det Tore og den smått legendariske SPAR-butikken, som dukkar opp i nyheitsstraumar og sosiale medium landet rundt.
Ein solfylt fredag, medan butikken er under uvtivdlese og ombygging for… ja, la oss seie for n’te gong , og kundane strøymer på som vanleg, slår podkastredaksjonen frå Langs Vegen No opp studio rett utanfor butikkdøra.
Og sjølv med full rulle inne i butikken, har Tore – som alltid – tid til ein liten prat. Han slår gjerne av ein vits eller to, og under intervjuet fekk han jammen også med ei lita helsing til ein 60-åring i Indre Østfold – saman med ei varm melding frå dottera til jubilanten.
Redaktør Roy Myrland får ein god og ujålete prat med Tore om kvardagen som sjølvstendig kjøpmann, og om korleis lidenskapen for kjøttfaget, ferskvarer og ordentleg handverk har vore med å gjere butikken til det den er i dag – ein matdestinasjon med puls og personlegdom.
Det er assisterande butikksjef Sindre De Bartolo som står bak dei populære videosnutane som suser gjennom sosiale medium og får folk til å smile, klikke og dele. Og kvar gong rundar Tore det heile av med dei no smått ikoniske orda:
«KUN en butikk.»
Butikken har no over 128 000 følgjarar på Facebook – det er meir enn dei fleste småbyar har innbyggjarar!
Følg dei her: https://www.facebook.com/sparbrokelandsheia
Med ein årleg omsetning på godt over 220 millionar kroner, er dette eit prakteksempel på kva som skjer når folk med hjarte, humør og handlag går «all in» – for både fag og folk.
Lytt til podkasten «Kun ein butikk» her – og bli betre kjend med både Tore, butikken og ein bit av det beste frå distrikts-Norge.