Sirkus Gjendeosen

Bygginga av ny bryggje å Gjendeosen går sin gang vinterstid. Ny bryggje er første etappe i ei tre-trinns realisering av Gjendeosen som nasjonalt reiselivsikon Foto: Ketil Sandviken
Del:Facebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmailFacebooktwittergoogle_plusredditpinterestlinkedinmail
Kronikk av Ketil Sandviken, Vågå.

Himmelen låg knallblå over Jotunheimens smaragdgrøne perle da vegvesenet for snart 10 år sia lanserte bygging av Fjellets Opera til svimlande summar for å gjera Gjendeosen til eitt av tre nasjonale reiselivsikon på line med Trollstigen og Vøringsfossen. Lite har skjedd, men nå er sirkuset i gang og ser ut til å ende opp med eit stort telt og ei gangbru som mange er imot.

55–60 millionar kroner skulle brukast på eit praktbygg med torvtak som skulle attendeføre vegetasjon og topografi til det opphavlege. Summen dobla seg i takt med felles sanitæranlegg for heile området. Men det vart for omfattande, og nå er ein attende til langt meir smålåtne løysingar fordelt på tre etappar med mål om at alt skal stå ferdig i 2021–22. I all hovudsak skal parkering gå føre seg på Reinsvangen, det blir att få på Gjendeosen, altfor få meiner mange. Lokale fiskarar har hevdvunnen rett.

Første etappe til 20 millionar kroner med ny bryggje går føre seg, vinterprosjekt for å unngå stopp i turistsesongen, og etter det vi forstår må allereie ein del gjerast opp att på grunn av mangelfull prosjektering-isolering. Det høyrer også med til historia at steinblokker blir vaska og frakta seks-sju mil før dei blir tippa ut i Gjende for å unngå forureining.

Bygdefolk er oppgjevne over mangelfull informasjon, og ikkje reint lite forundra over at kiosk- og parkeringsvertane må pakke saman og rydde seg ut.

Da er det grunn til å tenkje bortimot 40 år attende i tid: «Gjende er det kjæraste vi har, men det har vorte så mykje spetakkel at eg har mist aldelest lysten på å vera der», sa ein godt tilårskomen vagvær da striden om Gjendebåten gjekk føre seg rundt 1980.

Styresmaktene truga med å ta konsesjonen for drift av Gjendebåten. Da stod godt som heile bygda opp og slo ring om familien.

Nå er det statens allmektige vegvesen som turar fram, næring og folkevalde kjenner seg makteslause og overkøyrde.

Det har vore mange rundkast i iveren etter å få bygd det nasjonale reiselivsikonet. For å få økonomi i prosjektet, fann administrasjon og politikarar plutseleg ut at kommunen skulle overta drift av kiosk- og butikk og parkering. Men dette ville ikkje vegvesenet vera med på. Likevel har det enda opp med at nåverande, som har bygd opp eit parkeringsopplegg som har fungert svært bra dei siste åra, må pakke i hop og søkje på nytt på like fot med andre – med driftsstopp som resultat – og kan hende dobbelt bortkasta arbeid. Kven tør vel sparke dei som har drive der i 40 år?

Eit anna omstridd delprosjekt er gangbrua som Nasjonale turistvegar absolutt vil skal gå rett over Gjendeosen.

Fjellstyre og folkevalde ville flytte gangbrua litt lenger nedover til Vetlfossen, i traktene der tyskarane hadde bru under andre verdskrig. Det vart fullstendig avvist, og formannskapet måtte berre godta løysinga. Mange fryktar det vil øydeleggje eit vide kjent og unikt stongfiske, seinast sett søkeljos på med fenomenet «Gjendeflugu» i fjernsynsserien om Glomma.

Her tel også omsynet til dei historiske Gjendebuene på andre sida av osen, inn. Ei gangbru rett over, vil fort føre til auka telting og camping med forsøpling og brannfare. Tenk på fjellfilmfestivalen med sine mange hundre telt, som vil vera langt lettare å slå opp i flatlendet på andre sida enn oppover lia etter Besseggruta.

Det burde ha langt meir for seg å lage ei kulturhistorisk vandrerute på line med den svært så populære Hulderstigen i Russlia, nedover langs Sjoa med bru over Vetlfossen og oppover att mot Jo Gjende-bua. Eventuelt også svinge innom dei mange krigsminna mellom Kråkåhølen og Gjendehø. Visste du forresten at det finst Sitkagran her også?

Er det på tide at dei folkevalde i Vågå står opp og ikkje let seg totalt overkjøre av statens allmektige vegvesen?

Hugs, Gjende er av det kjæraste vagværane og gudbrandsdølane har.

Kronikk av Ketil Sandviken, Vågå.


Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

8 + fifteen =