Telleapparat på Kongevegen over Filefjell

Telleapparat på Kongevegen over Filefjell

PRESSEMELDING FRÅ
KONGEVEGBEDRIFTER FILEFJELL                
25.07.2019

FØRSTEMANN: Andreas Romøren Voldum (8) og mamma Liv Romøren kom gåande akkurat då det første teljeapparatet var ferdig montert.


** Skal finne ut kor stor trafikken er på Kongevegen over Filefjell
** Åtte teljesensorar blir montert i Vang og Lærdal
**Andreas (8) vart den første som vart talt

KONGEVEGEN: Kongevegen går fleire stadar på høge murar, som her gjennom Vindhellaskaret

 

Andreas (8) skulle berre gå ein tur med mamma. Slik vart han den aller første i historia som vart talt på Kongevegen over Filefjell.

Kor mange er det som går på Kongevegen? Det er eit spørsmål som Lærdal og Vang kommunar, og bedriftsnettverket for Kongevegen over Filefjell, ønsker å finne ut.

I vår vedtok formannskapa i Lærdal og Vang samrøystes å kjøpe inn sensorar som skal telje trafikken på fleire av strekningane langs Kongevegen. Lærdal har kjøpt inn fem sensorar og Vang har kjøpt inn tre. 

-Folk har lenge lurt på kor mange som går dei ulike strekningane av Kongevegen. Nokre har gitt kvalifiserte gissingar, men bortsett frå dei som skriv namna sine i bøkene til turlaget, anar me ikkje kor stor trafikken eigentleg er, seier dagleg leiar og prosjektleiar Odd Helge Brugrand i Kongevegen over Filefjell.

Kommunane har driftsansvaret for Kongevegen, medan bedriftsnettverket sørvar bedriftene og driv marknadsføring. 1. juli stilte ordførar Jan Geir Solheim opp og monterte for Lærdal kommune. Fire sensorar vart montert langs den Bergenske Kongeveg. Èin teljar vart montert langs den Bergenske Hovedvej.

Vang kommune tek sikte på å få sine sensorar montert langs Kongevegen i løpet av august, ifølge Oddbjøn Skeie i Vang kommune. Tanken er å plassere dei i Kvamskleive, ved Øye og på fjellet.

MONTERAR: Jan Geir Solheim monterar ein av sensorane

Viktig for framtida
-Å finne ut kor mange folk som går Kongevegen, kvar dei går og når dei går, vil hjelpe oss til å planleggje betre for framtida. Og ikkje minst er talet på vandrarar viktig for marknadsføringa, seier Brugrand.

Som destinasjon har Kongevegen over Filefjell potensiale som både infrastruktur og motor for reiselivet i Valdres og Sogn. Kontroll på trafikkmengda og trafikkrørslene er difor viktig for å kunne legge til rette for framtidig vekst, meiner Brugrand. Til dømes ser årets sesong ut til å bli nok ein god sesong for Kongevegen.

-Sjølv trur eg at trafikktala vil overraske i ein eller anna retning. Uansett vil teljesensorane gje oss ein slags fasit, seier Brugrand.

Tur med mamma
Andreas Romøren Voldum (8) gjekk tur med mamma Liv Romøren opp mot Vindhella og kom fram akkurat då teljaren var ferdig montert. Dermed vart 8-åringen frå Borgund den alle første om vart talt på Kongevegen.

-Me skulle berre gå ein liten tur rundt Klanten. Det er første ferieveke og vêret høvde godt for ein tur, fortalde Liv Romøren.

Kongevegen over Filefjell var den første køyrevegen mellom aust og vest i Norge og stod ferdig over Filefjell i 1793. I 2016 reopna vegen som ein nyrestaurert kulturhistorisk vandreveg mellom Vang i Valdres og Lærdalsøyri. 

I 2015 vann Kongevegen «Vakre Vegars Pris» og i 2017 EU sin «Europa Nostra Awards», som er Europas høgsthengjande kulturminnepris.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Ønsker du å bidra til flere slike artikler?
Klikk her


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

16 − 13 =