Smikurs. -Det er nesten som trolldom.

Smikurs. -Det er nesten som trolldom.

Odd Arne Rudi (bildet over) ved Valdresmusea ønsker godt nytt år til alle, samtidig som han sender ut følgende invitasjon:

-Me startar kursåret her ved Valdresmusea slik me avslutta det forrige, med smikurs både for ungdom og vaksne.

Dette er eit av dei kursa som er fast innslag i kursrekka, fordi det er svært populært og det er alltid stor interesse for smiing.

Det er nesten som trolldom å kunne omgjera hardt stål til nesten kva ein vil, berre ved å varma det opp før bearbeiding.

Kurset i år startar allereie 1.februar og blir i Valdres Folkemuseum si smie, der me for det meste har vore.

Så om dette kan vera noko for deg eller nokon du kjenner er det berre til å melda seg på! Sjå under

SMIING FOR UNGDOM

INSTRUKTØR: Smed Knut Olav Dokken

TID: 1., 8., 15. og 19. februar (3 kveldar + 1 dag) (18 timar)

STAD: Valdres Folkemuseum

PÅMELDINGSFRIST: Innan 20. januar

PRIS: kr 2.700 inkl. materiell (rabattpris: kr 2.500 for medlemmer av Fortidsminneforeningen og dei med årskort til Valdresmusea)

PS: Ungdomskurset er sponsa litt ekstra

MÅLGRUPPE: Ungdom med og utan smierfaring

SMIING FOR VAKSNE

INSTRUKTØR: Smed Knut Olav Dokken

TID: 2., 9., 16. og 20. februar (3 kveldar + 1 dag) (22 timar)

STAD: Valdres Folkemuseum

PÅMELDINGSFRIST: Innan 21. januar

PRIS: kr 3.800 inkl. materiell (rabattpris: kr 3.600 for medlemmer av Fortidsminneforeningen og dei med årskort til Valdresmusea)​

MÅLGRUPPE: Vaksne med og utan smierfaring

SPØRSMÅL OG PÅMELDING

til Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar

Epost: odd.arne.rudi@valdres.museum.no

Tlf: 61 35 99 07 / 976 89 065

Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes

NB: All påmelding må gå direkte til meg, helst på epost

BETALING til konto nr 2070 05 01524, merk med tittel på kurset.

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

19 − seven =