Til minne om skogsarbeideren, bonden og hederskaren Olav Bakkene. .

Til minne om skogsarbeideren, bonden og hederskaren Olav Bakkene. .

Far min Olav, var født i 1929 og døydde i 1990.

Foto og tekst: Håkon Bakkene. Dikt: Hans Børli
Skogsarbeider i unge år i Buvassfaret og Øyvassfaret. Sidan alltid skogsarbeider og bonde. Ferie var elgjakt frå han var 19. Øksa var med på tur, og i døra på traktoren. Og så slirekniven. Den laut vera med. Til bålet, til slakting, til pynting av neglane, og anna spikking. Kniven var alltid like ved.
Når han kvilte etter mat la han seg alltid rett på golvet,med jakka som pute. Sov på eitt auge om gongen sa han. Eg veit at når det vart litt lange dagar på jakt, så natta dei på traktorhengeren.
Drog ei presenning over seg og sov.
Flott ferie.
Eg trur han ville likt Hans Børli.
Ei øks står og rustner i skogen et sted
ved regnpisket grop etter eld.
En skogskar hogg den i granrota ned
og ruslet så heimatt i solefalls fred
en tåkekvit , seinhøstes kveld.
Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

4 × one =