Verdas største barnebok frå Valdres

Verdas største barnebok frå Valdres

Aud Søyland (til venstre på bildet over) i Kvitvella Forlag i Valdres og forfattar av boka Jakta på Drakeegget, Torild Dedekam (tl høyre på bildet over), avduka tysdag verdas største barnebok.

Samtidig opna dei nettsida drakeegget.no, der ein kan følgje drakeegget vidare på ferda. Dette skjedde under lanseringa av barneboka på Pressens Hus i Oslo.
–Vi har trykt den store boka for å markere at vi ynskjer å gi boka, spesielt barnebøkene, eit løft i ei tid der barn og unge les færre bøker enn før, seier Aud Søyland. Boka er trykt av HG Media i Sandvika og har formatet 100 x 70 centimeter.

Draken Eldjarn
Ei gammal segn fortel at draken Eldjarn kan bli løyst frå Reinli stavkyrkje den dagen lynet slår ned i kyrkja. Då kjem han til å leite etter drakeegget, som inneheld den einaste attlevande drakejenta. Men også trollmannen Zack vil ha kontroll over henne, og haugafolket har sitt å skjule. Fire sysken kjem på besøk til besteforeldra på Gamlestølen og trur det skal bli ein kjedeleg sommar. I staden møter dei på både haugafolk, trollmannen og ikkje minst sjølve draken.

Torild Dedekam budde i Valdres då ho begynte på boka, og har brukt både Gamlestølen i Etnedal og Reinli stavkyrkje som kulissar for forteljinga. Ho skriv om korleis yngstejenta, Emma, blir kjend med Rampe frå haugafolket, og ho byggjer opp spenninga til det tidspunktet då Emma står på eit platå i fjellet og ser draken gå inn for landing.

Godt og vondt
–Dette er kampen mellom godt og vondt i ny innpakning. Dedekam gir ungane det dei vil ha: drakar, spenning og ein god slutt, seier Søyland.
Fargeillustrasjonane til kunstnaren Per Vie har vore med på å gi liv til Rampe og dei andre frå haugafolket, draken Eldjarn, trollmannen Zack, syskena Emma, Jon, Sander og Malin, og besteforeldra deira.
Det var ikkje opplagt at tittelen skulle bli «Jakta på drakeegget», og at boka skulle koma på nynorsk. Men Torild Dedekam og ektemannen Jan Askildsen kjenner Valdres og valdresmålet, og dei syntest at det kunne passe med nynorsk i ei bok med tilknyting til dalføret. Nils Rogn har hjelpt til med å gi boka nynorsk språkdrakt. Det er Nord-Aurdal Mållag som eig Kvitvella Forlag, eit forlag som gir ut bøker på dialekt og nynorsk.
Spennande for Kristian på 12
–Denne boka er veldig bra. Boka gir deg mykje glede og positivitet. Eg synest også at ho er veldig spennande, seier Kristian Brydøy (12) som bur på Bygdøy og har foreldre frå Ranheimsbygda. Han har alt lese boka og var gjest på boklanseringa i Oslo tysdag. Kristian har gitt boka terningkast 5.
Avduking: Aud Søyland (t. v.) og Torild Dedekam avduka den rekordstore barneboka i Pressens Hus tysdag. Foto: Kvitvella Forlag


Spennande: Jakta på Drakeegget er ei spennande bok, seier Kristian Brydøy. Foto: Kvitvella Forlag

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

twenty − 6 =