Invitasjon til seminar: Ombruk, ikkje nybygg!

Invitasjon til seminar: Ombruk, ikkje nybygg!
Kva grep kan gjerast for at eldre bygningsmasse kan brukast også i framtida? Korleis kan vi skapa endring i måten vi bygger på utan at vi øydelegg for mykje av naturen? 

Tidene er i endring – og vi med dei. Slik har det alltid vore, men forventningane til komfort, både heime og på hytta, er større enn nokon gong. Men også klimaet endrar. Våte vintrar gir gode vekstvilkår for mugg og sopp. Dette er forhold som bryt ned husa i raskt tempo. Med skyhøge straumprisar og høge levekostnadar er det mange forhold som påverkar måten vi i framtida skal bygge og bu. Straumstøtte og byggeforskrifter åleine løyser ikkje utfordringane. Vi må bygge ny kompetanse som løyser problema på nye måtar. 

TID: Måndag 20. mars 2023 kl. 10.00-17.00
STAD: Valdres Folkemuseum, Slidrehuset
PRIS: Kr 900 (inkl. kaffi og enkel lunsj)
ARR: Valdresmusea
MÅLGRUPPE: Huseigarar, handverkarar, forvaltninga og alle med interesse for klimasaka.
PÅMELDINGSFRIST: 10. mars

 

For program og påmelding: https://valdresmusea.no/ombruk-ikkje-nybygg

 

Venleg helsing

Bygningsvernrådgjevar for Valdres

Odd Arne Rudi

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

14 − 5 =