Er du oppteken av stadnamn og kvar dei kjem frå?

Er du oppteken av stadnamn og kvar dei kjem frå?

Da er du ikkje åleine!

I videoen under fortel tidlegare professor i namnegransking Tom Schmidt om mange kjende og kjære stadnamn i Vestre Slidre. Kva tyder eigentleg Ulve? Og korleis smakar Ulvhild hyttegrend på tunga til ein garva språkvitar? Det får du snart vite.
Boka Nøvn vesta åsen – bustadnavn i Vestre Slidre er ein skatt for den som er oppteken av historie og namn i Valdres. Forfattar er professor emeritus, dr.philos, i namnegransking Tom Schmidt ( til venstre på biletet ovanfor). I boka tek han for seg ei lang rekke stadnamn i Vestre Slidre, kva dei betyr og kva opphav dei har.
Schmidt er oppvaksen i Øystre Slidre og var tilsett ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo fram til 1.juli 2018.
Det er leiaren i Vestre Slidre, mållag, Marianne Granheim Trøyflat (til høgre på biletet ovanfor) som intervjuar Schmidt i innslaget under. Redaktør Roy Myrland i nettavisa www.langsveien.no er produsent av videoen som er spelt inn ved deltidsbustaden til forfattaren i Skammestein i Øystre Slidre ein seinsommardag i 2023.

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

1 × 2 =