Valdres er hyttedraumen.

Valdres er hyttedraumen.

Hyttemessa 2024, som held på denne helga på Hellerudsletta, har eit par valdrisar tatt turen for å presentere sine tenester for potensielle kundar også utanfor dalen.

På biletet over er det «A-laget» frå Vyrk som er på plass. Frå venstre: Guro Håvelsrud Odden, Even Viken, Kim Bøland, Frank Overdevest og Irene Goflebakke.

Artikkelen er skrevet med annonsestøtte fra: Kjell Ove Halvorsen og»Halvorsengruppen»-, Robølshøvda Hyttegrend Byggmester Ranheim A/S og Vyrk

18 000 hytteeigarar drøymer om å kome til hytta si i vene Valdres. Sjølv om mange allereie har fått oppfylt hyttedraumen sin, er det framleis rom for fleire hytter og dermed fleire glade deltidsinnbyggjarar i dette idylliske dalføret. No har nokre av dei mest sentrale representantane innan hyttemarknaden frå dalen samla seg på Hellerudsletta for å lokke til seg fleire kundar og besøkande til «dalenes dal»!

Hyttedraumen er verkeleg for nokon, medan andre framleis lengtar etter eit stille og roleg krypinn. I Valdres tilbyr dei ein brei palett av tomter, hytter og andre tenester til dei som ynskjer å leve livet som deltidsinnbyggjarar, kjent som hyttefolk.

Henrik Skattebo og Ole Martin Ringen frå Byggmester Ranheim har teke med seg godstolar og hytte-teikningar på messa.

Fredrik Solberg frå Bohus Valdres på Leira er godt i gang med å tilby det som trengs inne i hyttedraumen.

Terje Kjøs frå Tveitabru og Vang i Valdres er blant dei som presenterer sine tomter og hytter. Håvar Dalbø og Thomas Bråthen fra Norske Fjellhytter er på plass.

Fot: Guro Håvelsrud Odden

Tekst: Roy Myrland

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

5 × five =