-Mø skal ikkje slutta å byggja hytter.

-Mø skal ikkje slutta å byggja hytter.

Artikkel frå bokbadet med Marit Beate Kasin på Valdres Folkemuseum under videointervjuet.

I går kveld møtte drygt 60 betalande deltakarar opp i Festsalen på Valdresmuseet for å høyra Marit Beate Kasin, forfattaren av «Naturparadokset», presentera boka si. «Bademeister» Alice Gudheim bidrog til å skapa ei god og avslappa stemning, som gjorde det mogleg for Kasin å nyansera dei utfordrande tema boka omhandlar på ein god måte. Etter pausen vart det moglegheit for publikum å stilla spørsmål til forfattaren og mange nytta seg av den moglegheita.

Kasin tok for seg emne som flatehogst av skog, villreinens leveområder, den stadig mindre uberørte naturen, dei aukande industrielle pressa i havet, rovdyr, og til slutt potensialet til naturrestaureringa til å reparera natur.

Interessa for «Naturparadokset» var stor, og mange nytta høvet til å kjøpa signerte eksemplar av boka.

I eit videointervju etter bokbadet delte Kasin tankane sine om m.a. det ho meiner er den finaste staden i Valdres og området der det framleis finst «villmark» i dalføret. Ho påpeika òg at me framleis skal byggja hytter, men både sjå på bruken av dei me har og i kva område me skal halda fram med å byggja.

Arrangementet var eit samarbeid mellom Valdresmusea, representert ved Anne Marit Noraker, og Naturvernforbundet i Valdres.
Naturparadokset kan kjøpast her: https://www.norli.no/boker/dokumentar-og-fakta/historie-og-dokumentar/debatt-og-samfunn/naturparadokset

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

eight − 5 =