-É leve tå kunsten, men eg kjem vel til å døy tå’n mé.

-É leve tå kunsten, men eg kjem vel til å døy tå'n mé.

Fotoserie og artikkel om nytt liv og stor kunst på Leira Stasjon under videoinnslaget med naturkunstnar Kristen Stavdahl.

(Artikkel og fotoserie under videointervjuet)

Annonsør: -Husk åpen dag med minikonsert med STAUT på Spikarmoen 31. mai. Valdresbil As og Valdresbil-Bobil

Ærverdige Leira Stasjon på den lenge nedlagde Valdresbanen, bokstaveleg talt blir fylt med nytt liv og stor kunst. Kunstmålar Kristen Stavdahl har opna både atelier og galleri i den gamle stasjonsmeisterbustaden i 2. etasje.

Den 25. mai var det offisiell opning med kultursjef i Nord Aurdal kommune, Renate Remme Øverseth, som snorklippar på Galleri K. Stavdahl.. Gode venner, solide kollegaer og fleire kunstinteresserte var med og feira opninga. Arrangementet inneheldt òg musikalske innslag med Simen Motrøen og Terje Kristiansen frå «Jupedalen Pøbb Ensemble». Naturkunstnar Kristen Stavdahl spelte òg munnspel.

Sjå samtalen med Kristen Stavdahl om mellom anna bakgrunnen hans, inspirasjon og dei unike målerirammene i videoen over.

Ivar Andreas Vaa besøkte også kunstmålarkollega Kristen opningsdagen.
Ivar Andreas Vaa besøkte kunstmålarkollega Kristen opningsdagen.

 

Følg oss eller del innholdet med vennene dine:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

3 × three =